I koronaens dagar

IKKJE SIKKER: Lat meg tilstå; eg er ikkje sikker på at mange nok, eller rettare sagt, mange nok med makt i samfunnet, vil ta mot den lærdomen eg vonar på. Det ser tvilsamt ut når dei mest ressurssterke er dei fyrste til å hamstre toalettpapir og matvarer, skriv artikkelforfattaren.

IKKJE SIKKER: Lat meg tilstå; eg er ikkje sikker på at mange nok, eller rettare sagt, mange nok med makt i samfunnet, vil ta mot den lærdomen eg vonar på. Det ser tvilsamt ut når dei mest ressurssterke er dei fyrste til å hamstre toalettpapir og matvarer, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.No er me alle, i Sunnfjord kommune, i heile Noreg, i heile verda, i ein situasjon me ikkje hadde aning om for to månader sidan. Ein situasjon som me ana, men ikkje forstod for 1 månad sidan, og som no siste veka har utvikla seg på ein måte ingen dommedagsprofet kunne hatt fantasi til å spå.

No sit me her, i våre gode og varme hus, med alt me treng innan rekkevidd, og kjenner på litt forkjølingssymptom og torer knapt følge tanken på det vidare. Mange media såg ut for å trøyste seg litt med at det var berre dei gamle, dei med underliggande sjukdom eller med nedsett immunforsvar som kunne verte alvorleg sjuke eller døy av viruset. Det kunne sjølvsagt vere ei trøyst, men kanskje ei noko tvilsam trøyst for akkurat oss som høyrer til blant desse utsette. No går det etter kvart opp for oss at mange yngre, og endå til born, p.g.a. andre sjukdomar også kjem i risikogruppa.

Dette viruset påverkar oss alle, dei fleste familiar har ein eller fleire utsette i risikogruppa, og i tillegg vert mange offer for permitteringar, konkursar m. v. Sjølv sjenerøse norske kompensasjonsordningar kan ikkje bøte på alt. Me vil få både utfordringar og problem, anten det gjeld helse eller økonomi.

Per Kjelstad.

Per Kjelstad. Foto:

Eit stort spørsmål tvingar seg fram. Korleis vil denne pandemien og konsekvensane av den påverke oss som menneske, og ikkje minst som samfunn? Kva vil kome ut på andre sida når denne trommelen har rista oss i 10–12 månader? Kor lenge går det før me er attende i gamle spor, med berre spott til overs for tankar om beredskapsslager, om størst mogeleg sjølvforsyning med mat, smittevernutstyr og medisinar? Kor lenge går det før grådigheita får oss til å selje arvesølvet ut av landet for nokre sølvpengar? Torer me å bruke ein del av oljepengane våre til å utvikle vårt eige land og vårt næringsliv? Vil me også i 2022 rekne reinhaldarar og renovatørar som samfunnskritisk viktige yrkesgrupper?

Eg vonar at me får sjå litt sanning av ordtaket «Aldri så gale at det ikkje er godt for noko». Eg vonar at me kjem ut att av krisa med flest mogeleg friske menneske, med ei større nøkternheit, med respekt for «sunt bygde – og byvit», med større omtanke for å ta vare på kvarandre, og med kunnskapen om at me ikkje alltid kan kjøpe oss fri med pengar.

Det er «den draumen» for framtida, for våre etterkomarar, som alltid har vore ei drivkraft for menneska. Men lat meg tilstå, eg er ikkje sikker på at mange nok, eller rettare sagt, mange nok med makt i samfunnet, vil ta mot den lærdomen eg vonar på. Det ser tvilsamt ut når dei mest ressurssterke er dei fyrste til å hamstre toalettpapir og matvarer, når dei rømmer frå smittefaren rundt Oslofjorden til hyttepalassa i fjellheimen, når talsmennene for storkapitalen framleis masar om korleis me skal selje verdiane og naturen ut av landet, ut av vår kontroll. Den som overlever, får sjå.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags