Toppane kjenner eigen kommune godt!

Morten Askvik, ordførar i Hyllestad.

Morten Askvik, ordførar i Hyllestad. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev20. september har Kjell Solheim skrevet eit lesarbrev med tittelen «Toppane kjenner ikkje sin eige kommune». Temaet for lesarbrevet er fråsegn frå Hyllestad kommune vedkommande «Nasjonale ramme for vindkraft».

I lesarbrevet skriv Kjell Solheim at han er rysta over administrasjonen sin kunnskapsløyse om kommunen. Bakgrunnen var dette skulle vere at kommunen ikkje omtalte fleire område av kommunen som har ulike variantar av naturreservat eller naturfredingsområde samt fugle- og planteliv i dei områda. Vidare var det kritikk på at uttalen har omtalt Kvernsteinsparken og ikkje andre område i kommunen (som ikkje kunne sjåast frå kommunehuset).

Omtalen av administrasjonen som kjem fram i dette lesarbrevet er urettvis ovanfor administrasjonen av fleire årsaker.
Uttalen som vert omtalt var utarbeidd og vedteke politisk. Det var ikkje eit administrativ framlegg til vedtak. Uttalen var samrøystes vedteke i kommunestyret. Altså bør eventuell kritikk rettast mot dei politiske «toppane» i kommunen.

Vidare er det slik at i forkant av at NVE la ut «Nasjonal ramme for vindkraft» så vart alle kommunane invitert til å sende inn administrativ uttale til kunnskapsgrunnlaget til NVE. Som ein av få kommunar i Sogn og Fjordane gjorde Hyllestad kommune dette, og sende inn administrativ uttale.

Utan at eg har sjekka alle detaljar frå lesarbrevet, så kan eg gå god for at den administrative uttalen til NVE har med alle hovudpunkta om reservat- naturfredingsområde og mange andre viktige moment som naturleg vart spelt inn i den uttalen. Det er såleis verken nødvendig eller naturleg å gjenta dei ovanfor NVE på ny. Dette er kjent for NVE. Spørsmål om korleis NVE vurderte dette må rettast til NVE.

Kvernsteinslandskapet i Hyllestad var sjølvsagt også omtalt i den administrative uttalen. Uttalen har aldri omtalt Kvernsteinparken åleine, som er visningsområdet for museumsavdelinga Norsk Kvernsteinssenter. Kvernsteinslandskapet var omtalt i den politiske uttalen fordi landskapet er med på UNESCO si tentative liste over verdsarv, samt at det jobbast med å utvikle HAFS inkl. dette området til UNESCO Geopark.

I den samband vart det vist til ei vurdering av eventuelle konsekvensar vindturbinar kunne ha i det aktuelle området i samband med dei to UNESCO-prosjekta. Opplysninga var altså ny, og derav naturleg å ta med i høyringa.

Ut frå dette kan vi slå fast at både dei administrative og den politiske toppane har vist at dei kjenner sin kommune godt!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags