Klassestorleik kan verte vinn eller forsvinn for distriktsskulane

 SKILNAD: Det er stor skilnad på dei store skulane som ligg sentralt ved ein tettstad, og dei mindre distriktsskulane som skal dekke utdanningsbehovet og gje fullverdig tilbod i distrikta.  Bildet er frå Dale vgs.

SKILNAD: Det er stor skilnad på dei store skulane som ligg sentralt ved ein tettstad, og dei mindre distriktsskulane som skal dekke utdanningsbehovet og gje fullverdig tilbod i distrikta. Bildet er frå Dale vgs.

Av
DEL

LesarbrevVi har gått inn i desembermånaden, tent adventslysa og skriv historie som den siste månaden nokosinne som eige fylke. Frå 01.01 er vi ein del av storfylket Vestland og det vert spanande å sjå kva framtida vil bringe. Samanslåing, effektivisering og sentralisering kan ha sine fordeler, men det føl og utfordringar med.

SP Hyllestad er opptekne av at det skal vere mogeleg å bu og leve i distriktet, i alle livsfasar. God barnehage, skule og eldreomsorg er viktige satsingsområde, det same er infrastruktur og jobbmoglegheiter. Ein ser at om ein skaper gode oppvekstvilkår og legg til rette for at ungdom kan bu heime medan ein tek vidaregåande utdanning, så aukar og sjansen for at dei kjem tilbake og etablerar seg her, som unge vaksne.

Vi er heldige og har to gode vidaregåande skular innan pendlaravstand til Hyllestad. Dale VGS og Høyanger VGS. Med desse to så er studietilbodet innan TIP, helsefag, elektro, frisør og studiespesialisering dekka og tilgjengeleg, og tala på søkjarar med ungdomsrett har vore stabile dei siste åra. Skulane har eit godt samarbeid med ungdomsskulane i HAFS regionen med hospiteringsveke, skulebesøk og orientering om studietilbod, og VGS elevane vert godt varetekne både fagleg og sosialt, med dyktige lærarar, trivselstiltak som open skule og hybelbesøk, og skulane har eigen miljøkoordinator. Tryggleik. For både elevar og føresette.

Yrkesfagklassane i Sogn og Fjordane har eit maksklassetal på 12. Dette er fordi det er høg grad av praktisk arbeid, og det skal vere eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø både i verkstad og spesialrom. Alle skal og få hjelp og rettleiing av faglærar, og det er ein ordning som fungerer. Dei fysiske omgivnadane er og tilpassa elevtalet. I tillegg ser ein på dei historiske søkjartala til desse distriktsskulane at ein klarer å ha oppfyllingsgrad nok til at ein kan sikre både linjetilbod og fleire klassar når ein held seg til denne klassestorleiken.

Og då kjem vi til problemet. For det er det er. Ikkje ei utfordring, men eit problem. Hordalandsmodellen. I Hordaland er norma at det skal vere 15 studieplassar ved desse linjene, og det kravet vil ein og stille til tidlegare Sogn og Fjordane, allereie frå neste studieår. Ved større skular vil ein kanskje få dette til, men for mindre distriktsskular som Dale og Høyanger VGS, så kan kravet få store konsekvensar. Med krav om høg oppfyllingsgrad og 15 studieplassar, så kan det føre til nedlegging av studietilbod, i tillegg til at det er eit heilt unødvendig og forringande grep i høve til å i vareta kvar enkelt elev. Vi er og uroa når det kjem til omsynet til HMT, spesielt på TIP linje som har opplæring i mellom anna bruk av sveiseutstyr, skjerebrennarar og andre potensielt farlege maskinar.

Skular som berre har ein klasse på VG1 Yrkesfag og skal rekruttere til ein VG2 klasse vil verte særskilt hardt råka, sidan det er mange vegar å gå på VG2 året, og det ikkje er sannsynleg at alle frå 1. året går vidare på same skule.

Vi i SP Hyllestad meiner at ein her må klare å ha fleire tankar i hovudet på ein gang. Ukritisk normering i ein så lite homogen region som det nye Vestland vert, demografisk sett, bør ikkje vere standard. Det er stor skilnad på dei store skulane som ligg sentralt ved ein tettstad, og dei mindre distriktsskulane som skal dekke utdanningsbehovet og gje fullverdig tilbod i distrikta. Det skal små grep til for å la dei lokale rektorane som kjenner sin eigen skule best, både med tanke på søkjartal, fysiske omgivnader og lokale faktorar, vurdere om det skal vere 12, 13, eller 15 elevar i kvar klasse. Konsekvensen ved overstyring er om ein kan i det heile sikre ei studielinje eller ikkje.

Regionsreform skal ikkje gå på kostnad av å sikre studietilbodet i regionen vår. Dersom denne modellen vert tvinga igjennom utan å ta lokale omsyn, så risikerer vi å stå igjen med tre store vidaregåande skular i heile tidlegare Sogn og Fjordane. Nærare 60 stillingar knytt til undervisning forsvinn og 400 studieplassar er vekke, berre på desse to skulane her. Dette kallar vi ikkje framsteg og utvikling, tvert i mot.

Dermed appellerer vi til politikarane som skal vareta omsyn til folk flest, og som har kome i posisjon fordi ein stolar på at det framleis skal vere mogeleg å bu, leve og trivast i distrikta. La det vere rom for lokal sjølvråderett hos dei som kjenner sin eigen organisasjon og sitt eige område best. Er det gode grunnar for å sikre elevtal på 12, så la skulane gjere det, utan at det skal eit stort byråkratisk dokumentasjonsarbeid til, der demografi ikkje er ein gyldig faktor. Det kan kanskje høyrast ut som ein bagatell, men så sårbart er distriktssamfunnet, Det er berre tre studieplassar på eit papir, men det kan likevel få enorme ringverknader i eit verdifullt lokalsamfunn.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags