Hyllestad kommune og Veidekke

Av
DEL

MeiningarHyllestad formannskap/planutvalet har 25. januar vedteke å gi Veidekke Industrier AS løyve til å starte planlegging av nedsprenging av Halvarheia i Lifjorden/Listraumen frå toppen 130 moh. og ned til 50 moh. – trass i at området i overordna plan er avsett til naturføremål der det «ikkje skal gjerast inngrep i eksisterande terreng». Som første lekk i arbeidet er eit no eit planprogram lagt ut på høyring. Veidekke ønskjer å utvide steinbrotet og sikre seg ressursar og arbeid i 60 år i staden for 30 år i noverande brot. Dette vil medføre ei visuell forsøpling, då landskapet blir radikalt endra, og opne steinbrotet mot Lifjorden med støv- og støyplage i generasjonar framover.

Frå den første reguleringsplanen for steinbrotet i Listraumen vart vedteken i 1998, der det var lagt vekt på skjerming mot omkringliggande miljø, har området i Listraumen fullstendig endra karakter frå ei naturperle til eit industriområde med asfaltfabrikk og pyramidar med avfallsmassar. Området har sidan vore under konstant omregulering, dels som kvitvasking av synder, dels pga. ny aktivitet/ ekspansjon. Området er i dag såleis fullt ut eksponert mot Listraumen og Sognefjorden, men er framleis stort sett skjerma mot Lifjorden. 

I 2014 hadde Veidekke også planar om å gruse Halvarheia ned til kote 50, men i endeleg framlegg til reguleringsplan gjekk dei bort frå dette. Den gongen lytta Veidekke til argumenta frå innbyggjarane i Lifjorden, og dei slo seg til ro med at dei trass alt sat på ein ressurs 30 år fram i tid.

Allereie etter 2 år kjem saka opp på nytt. Hovudmotivet til Veidekke Industrier er som før: langsiktigheit. Det er elles ingen vesentlege nye moment i saka – planane er dei same som i 2014. Motargumenta like eins. Den einaste skilnaden er nye folk i selskapet som aldri har sett Lifjordingane i augo før, ein kommuneadministrasjon, som, etter alt å døme, har lagt seg til ein lettvint omgang med sanninga, og politikarar som har gløymt kva dei har lovt veljarane. Det siste er kanskje ikkje noko nytt?

I «Referat frå oppstartsmøte – detaljregulering for steinbrotet på Sognnes» mellom Hyllestad kommune og Veidekke av 22.06.17, står m.a. følgjande: «Kommunen er positiv til denne utvidinga, med bakgrunn i at området i gjeldande plan er sett av til råstoffutvinning. Den nye formålsgrensa for råstoffutvinninga er drøfta til å ikkje bidra til at steinbrotet vert noko meir sjenerande for nærliggande omgivelse og naboar.»

På møte i Lifjorden bygdehus 20. november i fjor, der Veidekke og Asplan Viak orienterte, og der ordførar og sakshandsamar var til stades, påpeikte vi at overordna plan og gjeldande reguleringsplan for utvidingsområdet ikkje er avsett til råstoffutvinning, slik som det vart opplyst i kommunen sitt referatet frå oppstartsmøtet, men tvert i mot avsett til naturføremål der det «ikkje skal gjerast inngrep i eksisterande terreng». Kommunen sine representantar svara med den vanlege frasen om at dei «skulle ta innspelet med seg», mens AsplanViak/Veidekke, som openbert såg feilen, synte gode miner til slett spel.

Dagen etter møtet sende vi eit notat til kommunen, der ein gjentok det som vi påviste i møtet, med dokumentasjon og tilvising til plankart m.v. Notatet vart prisverdig lagt ved saka, og formannskapet/planutvalet utsette saka i november. Saka kjem opp att 25. januar. Administrasjonen si saksutgreiing til dette møtet heng ikkje på greip: Det blir innleiingsvis oppgitt feil dato for gjeldande reguleringsplan; dernest rotar ein seg inn i ein ubegripeleg planfagleg drøfting som munnar ut i ein konklusjon om at planarbeidet ikkje er i strid med overordna plan. Det blir vidare referert ei korrekt planfagleg rettleiing frå fylkesmannen, men denne visdommen blir ignorert, eller kanskje ikkje forstått. Og så til rosina i pølsa: «Eit grunnlag for å nekte å ta saka til handsaming er at føremålet med reguleringa er i strid med gjeldande plan. Ein kan ikkje sjå at det er eit slikt grunnlag, då planområdet er i gjeldande reguleringsplan sett av til masseuttak». Det er kort og godt ikkje til å begripe!!

På nytt blir det gripe til tastaturet, og i e-post av 22. januar nok ein gong overfor rådmann/ordførar påvist at det aktuelle planarbeidet er i strid med overordna plan og reguleringsplan, då det aktuelle utvidingsområdet ikkje er avsett til masseuttak, men tvert i mot til naturføremål, der det «ikkje skal gjerast inngrep i eksisterande terreng».

Plan og utviklingssjefen blir henta til møtet for å klare opp i rotet. Etter det vi forstår, stadfestar han då at våre gjentekne innspel er korrekte, og at administrasjonen tek feil. Likevel opnar altså planutvalet for ei ny runde som vil påføre bygdefolket ein ny opprivande prosess og som vil koste Veidekke Industrier fleire hundre tusen kroner – til inga nytte så langt det gjeld kunnskap og argument. Siktemålet til kommunen og Veidekke Industrier må såleis vere utmatting av folket og langsamt kaldkveling av både engasjement og motstand.

Det blir hevda at ein må kunne imøtekomme ønske frå ei viktig bedrift om å starte ein planprosess, og at det ikkje er gitt at det blir eit endeleg «ja» i neste omgang. Ja, det er greitt, men då må ein vere objektiv, ærleg og rettvis overfor alle partar, og ikkje prøve seg med fusk og fanteri. Slik denne saka er presentert, har kommunen dessverre komme i skade for å dra med seg både Veidekke og AsplanViak ut i søla. Kommunen visste nok til å legge ballen død no. Det blir vanskelegare for planutvalet å seie «nei» i neste omgang. 

I saka er det ma. vist til dialog med Lifjorden grendelag og at innspel frå møta vert teke med som vurderingsgrunnlag vidare i planprosessen. Det er vel og bra, men intensjonen står dessverre ikkje til truande, då det ikkje vart skrive referat eller notert ein bokstav frå møtet i november. Inntrykket er at vi blir haldne for narr og med godt prat. Det er allereie meir enn tydeleg i saka til formannskapet/ planutvalet 25. januar at administrasjonen ønskjer seg eit rungande «ja», om så det går på æra laust. At administrasjonen opptrer som «nyttige idiotar» er trist, men at dei folkevalde diltar etter, er både skuffande og frustrerande.       

Vi må likevel ha tillit til at dei folkevalde rettar ryggen, og forlanger ei profesjonell og objektiv sakshandsaming i den vidare prosessen – gjerne av ekstern fagperson. Du er også bygdefolket i Lifjorden sin føresette, anten du er Øning, Hyllestading, Åfjorddaling eller Bøfjording – også om tiltaket ikkje det grann vedkjem deg personleg. Til slutt vil eg minne om paneldebattane før kommunevala i 2011og 2015, då eg spurde listetoppane korleis dei stilte seg til planane om å sprenge ned Halvarheia med 80 m. Eg fekk stort sett klare og tilfredsstillande svar. Gløym ikkje at veljarar har hukommelse som ein elefant!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags