Riksantikvaren heidrar Torbjørn Løland. Museumsleiinga øydelegg det han vert heidra for

PINLEG: Saka er pinleg. Vi kan ikkje heller forstå det annleis enn at Sandane meiner Kvernsteinsparken har lågt potensial som museum. For Kvernsteinsparken betyr det at MiSF står fram mest som ei byrde, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå ei framføring av elevar ved Hyllestad skule.

PINLEG: Saka er pinleg. Vi kan ikkje heller forstå det annleis enn at Sandane meiner Kvernsteinsparken har lågt potensial som museum. For Kvernsteinsparken betyr det at MiSF står fram mest som ei byrde, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå ei framføring av elevar ved Hyllestad skule. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev29. oktober fekk Torbjørn Løland Riksantikvaren sin Kulturminnepris. Det er ein pris som heng høgt. Torbjørn fekk den for sitt framifrå arbeid med kvernsteinshogging, for formidling av tradisjonshandverk, for arbeid med skuleelevar og for 30 år som eldsjel i eit gigantisk dugnadsarbeid i Kvernsteinsparken i Hyllestad. Kva Torbjørn får prisen for, står i grell kontrast til korleis musea i fylket vil drive Kvernsteinsparken vidare.

Saman med Astrid Waage, tidlegare leiar av Norsk Kvernsteinsenter/Kvernsteinsparken, og mange andre eldsjeler i Hyllestad, har Torbjørn vore ein krumtapp i realiseringa av eit nasjonalt viktig utandørsmuseum, opna av Dronning Sonja. Det har ein gjort i nært samarbeid med Riksantikvaren, med kommunen, fylkeskommunen, med Universitetet i Bergen, Norges Geologiske Undersøkelse, med andre nasjonale og internasjonale aktørar.

Morten Askvik

Morten Askvik Foto:

Etter 30 år med dugnad er no kvernsteinsbygda Hyllestad på UNESCO si tentative liste over verdskulturarv, ein sjølvskriven kandidat til Riksantikvaren si liste over «Kulturlandskap av nasjonal interesse» og vald som «kulturelt fyrtårn» av fylkeskommunen. Kvernsteinsparken har oppgåver innan formidling av den nasjonale kvernsteinshistoria og har også blitt eit nasjonalt sentrum for tradisjonell kalkbrenning. Alt med solid støtte frå Riksantikvaren.

Besøkstala er ikkje skyhøge her i den vesle bygda langt i vest, men dei har auka med 200% til om lag 3500 dei siste åra. Det er hyllestadfolk, skule, barnehage, folk frå regionen, heile landet, organisasjonar og grupper som kjem innom, samt mange utanlandske turistar i sommarsesongen. Kvernsteinsparken er ein av dei viktigaste kulturelle møteplassane i kommunen og eit lite sentrum for tradisjonshandverk i landet.

No er dette truga. Annleis kan ein ikkje tolke konsekvensane av den mykje omtala reorganiseringa av MiSF, vedteke for nokre veker sidan. Direktørane i 4 av 7 museumseiningar og fleire kommunar er sterkt i mot reorganiseringa. Det er òg eigarstyret i Kvernsteinsparken. Hyllestad kommune og kommunane i HAFS regionråd samt vertskommunane Sogndal, Balestrand og Flora åtvara mot å gjere vedtak no, og bad om utsetjing. Eit særs kraftig signal til MiSF, sidan vertskommunane medfinansierar MiSF. Eit signal styret suverent valde å sjå bort frå. Eigarstyra og kommunane vart ikkje eingong bedne om gje høyringsuttale til den nye organisasjonsmodellen!

Kvernsteinsparken vart konsolidert inn i MiSF i 2013, trass i lokal motstand. Kvernsteinsparken er annleis om ein jamfører med dei andre musea i fylket. Ein skal formidle og forske på, vere med å forvalte 10 kvadratkilometer kvernsteinsbrot, det største steinbrotlandskapet frå vikingtida og mellomalderen i Nord-Europa. Dette er ikkje noko museum i vanleg forstand. Derfor trudde ein ikkje at konsolideringa ville ha mykje føre seg. Mange spurde seg korleis det skulle det gå når han vart leia av museumsadministrasjonen i Sandane.

Noko vart bra: Ei sterk lokal leiing med Astrid Waage i spissen, og eit utviklingsorientert eigarstyre, sørga for at Kvernsteinsparken fekk budsjett- og personalansvar for dei no 2,2 stillingane sine. Dei tilsette fekk sikra løna si. Det er ikkje mykje pengar med så få stillingar og eit lite driftsbudsjett.

Ein kunne i nokon grad organisere og styre arbeidet sjølv. Og det har ein gjort: Organisert fleire tusen dugnadstimar kvart år og utvikla Kvernsteinsparken til det han er i dag. Ein organisasjon som får inn ekstra pengar på prosjekt og mobiliserer folk frå nært og fjernt. Riksantikvaren har støtta fleire prosjekt. No jobbar ein også saman med HAFS regionråd om å utvikle ein UNESCO Global Geopark på grunnlag av den verdskjente geologien i området.

Det meste elles vart dårleg! MiSF har ikkje på nokon måte vore til hjelp med det faglege arbeidet og med formidling. Musea har bandlagt 2 millionar i oppsparte midlar som skulle brukast til utbygging planlagd for fleire år sidan. Kvernsteinsparken har berre kalde bygningar – og kontor- og matlagingstilhøve som i steinalderen. Kva seier Arbeidstilsynet til det?

Utbygginga skulle betre arbeidstilhøva, gjere det mogleg å ta i mot mange fleire grupper og auke besøkstala. Men musea tok over styringa av prosjektet for å «kvalitetssikre». Samstundes vurderte dei prosjektet, utan å konsultere Kvernsteinsparken, som så lite viktig at det – i praksis – kom sist i køen av alle MiSF sine utbyggingsprosjekt. Eit lite prosjekt til ein brøkdel av prisen på dei andre.

Sist vår vart utbyggingsprosjektet presentert for fylkeskommunen. Men sidan Musea ikkje hadde gjort noko som helst med prosjektet i to heile år, vart det naturleg nok stempla som «ikkje gryteklart».

Saka er pinleg. Vi kan ikkje heller forstå det annleis enn at Sandane meiner Kvernsteinsparken har lågt potensial som museum. For Kvernsteinsparken betyr det at MiSF står fram mest som ei byrde.

Sidan MiSF trenerer utvikling, er det berre ein ting å gjere: Mobilisere til meir dugnad og skaffe små midlar for å gjere Kvernsteinsparken fagleg betre samt drive formidling i den store tradisjonen frå Torbjørn Løland, Astrid Waage og hyllestadfolket gjennom 30 år. Gje alt for å eit endå betre tilbod til publikum.

No er også dette truga. For med den vedteke, nye organisasjonsmodellen er dei sterke signala at det lokale sjølvstyret til Kvernsteinsparken og alle andre museum i MiSF, forutan Kunstmuseet i Førde, skal takast vekk.

Korleis skal det bli med Kvernsteinsparken om alt skal styrast frå utanfor avdelinga? Når det opplevast allereie i dag at museumsleiinga ikkje prioriterer avdelinga? Når ein ikkje lenger har ein lokal, fullt ansvarleg leiar? Når andre tilsette her vert underordna andre leiarar langt vekke?

Trur ein verkeleg ein kan klare å mobilisere til tusental dugnadstimar når ein sit på ein stad som ligg 3 timar unna, utan lokalkunnskap og lokal leiing? Trur ein verkeleg ein kan oppretthalde og utvikle aktivitetar, når ein må gjennom ei rad byråkratiske ledd i ein uoversiktleg organisasjon?

Reorganiseringa av MiSF – og mykje konsolidering av museum i Noreg – må sjåast i ljoset av den ålmenne sentraliseringa i distrikta. Det fører ofte til svekka tilbod, svekking av identitet og lokalt demokrati, øydelegging av lokalt mangfald, tap av mykje som fungerer godt.

Trass i disposisjonane til sentralleiinga og styret i MiSF, har Kvernsteinsparken dei siste åra utvikla seg bra. Om ein no skal styrast frå Sandane, så er det stor fare for at parken ligg steindaud om nokre år. Fordi sentralisering og byråkrati gjer at motivasjon og arbeidsglede til dei tilsette søkk som ein stein. Kven tener på det?

29. oktober fekk Torbjørn Løland Riksantikvaren sin kulturminnepris. Den heidrar, som Riksantikvaren seier, «den viktige innsatsen som blir gjort for godt kulturminnevern i lokalmiljøa».

Eg veit at Riksantikvaren dei siste åra har blitt mykje meir medvitne om betydinga av lokal innsats. Samstundes har nokre konsoliderte museum gitt lokalt sjølvstyre tilbake til einingane sine. I dette ljoset: Skal 30 års arbeid i Hyllestad no øydeleggast av vitlaus sentralisering?

Eg vil be deg styreleiar Ivar Kvalen, på besøk til Kvernsteinsparken. Du har jo aldri vore her som styreleiar. Du har drive fram eit sentraliseringsvedtak utan å ha kjent pulsen i Hyllestad.

Din administrerande direktør, Kjartan Aa Berge, kjenner heller ikkje pulsen i Kvernsteinsparken. Han har berre vore innom ein einaste gong sidan han fekk jobben for meir enn to år sidan. Korleis kan ein styre musea sine utan lokalkunnskapen?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags