Musea i Sogn og Fjordane satsar på Kvernsteinsparken

HANDLEROM: Det er MiSF si oppfatning at det var Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter sjølve som gjorde valet om å bli ein del av MiSF i sin tid – med utgangspunkt i at det ville gje betre finansielt handlerom til drifta av Kvernsteinsparken, skriv administrerande direktør Kjartan Aa Berge i denne artikkelen.

HANDLEROM: Det er MiSF si oppfatning at det var Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter sjølve som gjorde valet om å bli ein del av MiSF i sin tid – med utgangspunkt i at det ville gje betre finansielt handlerom til drifta av Kvernsteinsparken, skriv administrerande direktør Kjartan Aa Berge i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg syner til Morten Askvik sitt innlegg i Firda 1. november. I innlegget til Askvik kjem det fram fleire påstandar som MiSF har behov for å svare på.

Innleiingsvis vil eg på vegner av Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) seie at vi er både imponert over og audmjuk for det lokale engasjementet for Kvernsteinsparken i Hyllestad. God museumsdrift er avhengig av lokalt engasjement og frivilligheit – og det er det mykje av i Hyllestad. MiSF er svært takksame for denne innsatsen som er gjort av mange over fleire år.

Kjartan Aa Berge.

Kjartan Aa Berge. Foto:

Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter søkte i 2010 Kulturdepartementet om statleg driftsstøtte. Svaret frå departementet var at « ... dersom det skal vera aktuelt å vurdera statleg tilskot til eit kvernsteinssenter i Hyllestad, må dette organiserast som ein integrert del av Musea i Sogn og Fjordane ...». Denne tilbakemeldinga er i samsvar med føringane frå museumsreforma og prinsippet for statleg driftsstøtte til konsoliderte museum. Statleg driftsstøtte var også eit vilkår for å løyse ut fylkeskommunal driftsstøtte. Såleis er det MiSF si oppfatning at det var Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter sjølve som gjorde valet om å bli ein del av MiSF i sin tid – med utgangspunkt i at det ville gje betre finansielt handlerom til drifta av Kvernsteinsparken. Samarbeidet mellom Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter og MiSF er frivillig og er regulert i ein eigen konsolideringsavtale.

MiSF er arbeidsgjevar for dei tilsette ved Kvernsteinsparken og har såleis arbeidsgjevaransvaret for dei. Dette ansvaret forpliktar MiSF. Det er også slik at MiSF har særlege rettar i høve til organisering av drifta av avdelingane. Eit viktig mål med den omtala organisasjonsprosessen er å styrke det faglege arbeidet i heile MiSF og betre vilkåra for å samarbeide på tvers, noko som det er sterkt ønskje om blant dei tilsette. Ei betre koordinering av dei faglege og økonomiske ressursane vil komme alle avdelingane til gode, samstundes som vi tek vare på dei gode kvalitetane som finst lokalt. I den nye organisasjonsmodellen er det teke utgangspunkt i ei utviding av kapasiteten ved Norsk Kvernsteinsenter til tre årsverk. Vi kan ikkje sjå at dette er eit signal om at MiSF ikkje satsar på Kvernsteinsparken. Tvert om har MiSF ambisjonar om å utvikle Norsk Kvernsteinsenter som ein attraktiv og integrert del av MiSF. Det forpliktar både MiSF og lokalsamfunnet.

Askvik ber i sitt innlegg direktøren om å stanse den vedtekne organisasjonsprosessen i MiSF som styret sluttbehandla 1. oktober. Denne organisasjonsprosessen er eit resultat av lange og gjennomarbeidde prosessar som følge av arbeid med ny strategiplan i MiSF tilbake i 2017. Det var styret i MiSF som initierte dette arbeidet. Styret har sidan då vore tett på denne prosessen. Det seier seg sjølv at direktøren ikkje har høve til å overprøve styrevedtak.

Vidare peiker Askvik på fondsmidlar som skal vere øyremerka til Kvernsteinsparken. Det stemmer at det i konsolideringsavtala frå 2012 er regulert eit vilkår som kan oppfattast som ein fondskonto. Denne kontoen vart «frosen» 31.12.2018 i samband med implementering av den nye strategiplanen til MiSF. Bakgrunnen for denne praksisendringa er behovet for å sikre forsvarleg og lik økonomisk forvaltning for alle avdelingane i MiSF. Frysinga vart dermed gjort for alle slike avtaler i MiSF, og er såleis ikkje særskilt for Kvernsteinsparken. Men det er på det reine at MiSF ikkje har «teke» avsette fondsmidlar eller har planar om å omdisponere pengar til andre føremål.

Når det gjeld det omtala utviklingsprosjektet i Kvernsteinsparken så er dette byggeprosjektet eit av dei prioriterte prosjekta som MiSF jobbar for å realisere, framfor mange andre naudsynte tiltak i organisasjonen. Men vi skal ikkje legge skjul på at det kan ta tid. Dette er dels grunna behov for ytterlegare konseptutvikling og byggteknisk kvalitetssikring og dels usikker finansiering. Røynda syner at arbeid med å oppnå naudsynt finansiering tek lang tid.

Avslutningsvis vil vi nemne at direktør og styreleiar planlegg minst eitt besøk i Hyllestad og Kvernsteinsparken vinteren 2020.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags