Hyllestad Ap og Hyllestad Høgre skaper polarisering!

VINDKRAFT: – Det som derimot er viktig er at veljarane skal kjenne igjen standpunkt vi seier i valkampen med korleis det vert votert i kommunestyret, skriv Morten Askvik.

VINDKRAFT: – Det som derimot er viktig er at veljarane skal kjenne igjen standpunkt vi seier i valkampen med korleis det vert votert i kommunestyret, skriv Morten Askvik. Foto:

Av
DEL

LesarbrevPå Facebook kjem ordførar Kjell Eide med påstand om at Hyllestad Sp polariserer debatten om vindkraft i Hyllestad. Det er feil.

La oss først sjå på kva er polarisering.

Etter Store Norske Leksikon sin definisjon er polarisering i politisk samanheng følgjande: «…en betegnelse for økende eller skarpere motsetninger mellom de viktigste aktørene i et politisk system, for eksempel de politiske partiene.»

Det vil seie at dei som skapar motsetningane må ta ansvaret for om vindkraftdebatten er polarisert.

Under debatten i valkampen 2019 sa Kjell Eide at Ap ikkje ville ha vindkraft i Hyllestad. Likeeins sa Geir Helge Nordstrand at Høgre ikkje ville ha vindkraft i Hyllestad.

Hyllestad Sp sa nei til vindkraft gjennom heile valkampen, og har stått på det sidan.

I juni var det oppe til votering interpellasjon om vindkraft med eit framlegg i fire punkt.

Eit punkt var at Hyllestad kommune seier nei til vindkraft. Det var punktvis votering. Det betyr at Ap og H kunne stemt for det punktet og mot andre punkt om dei ville. Det gjorde dei ikkje.

Ap og H stemte mot å seie nei til vindkraft i Hyllestad. Dei har altså stemt motsett av det dei sa i valkampen. Det er altså H og Ap som har skapt motsetninga og derav og polariseringa.

Så kan sikkert nokon spørje, kvifor vere oppteke av kven som polariserer debatten? Det er isolert sett ikkje så viktig. Det som derimot er viktig er at veljarane skal kjenne igjen standpunkt vi seier i valkampen med korleis det vert votert i kommunestyret. Det som og er viktig er å halde på løfter til veljarane.

Å peike på at Ap og H stemte mot det dei sa i valkampen, medan Sp held på det løftet vi ga til veljarane, er ikkje polarisering. Det er eit faktum!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags