Hundeeigarar til bry

«Smådjevelen» Minnie elskar å sove. Ho elskar også å jage fugl.

«Smådjevelen» Minnie elskar å sove. Ho elskar også å jage fugl. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Det skjer oftare og oftare. Dei snille hundane vi har, gjer ikkje ein katt fortred, men likevel angrip dei sau og anna vilt. Vi tar med oss hunden på tur og slepp dei lause, så snart vi får anledning til det. Frå 1. april til 20. august, er det bandtvang. Vi som hundeeigarar skal oppføre oss som ansvarlege hundeeigarar. Hundane vi har, har ei gong vore rovdyr og har endå rovdyrinstinkta latente i seg. Uansett kor yndige dei snille hundane er.

Sauer er jaga vilt, frå ulv, jerv, ørn, bjørn og gaupe. Treng dei då endå ein jeger. For saueeigarar er det ikkje kjekt å få dyra sine øydelagde av nokon av desse rovdyra. Vi får mindre og mindre respekt for annan manns eigedom. Du som er på ferie eller tur skal respektere annan manns eigedom, uansett kva eigedom det er.

Eg har ei stor oppfordring til alle hundeeigarar: Ta ansvar for den hunden du har. Det er hunden som må lide for din oppførsel. Dette er ikkje god dyrevelferd.

Har sjølv to «smådjevlar», som eg ikkje stolar på i det heile. Dei er ikkje store og stort sett veldig greie å ha med å gjere. Likevel har vi bandtvang heile året. Grunnen til det, er at ting skjer så fort. Og sjølv om mine to «smådjevlar» ser så yndige og søte ut, så har dei jaktinstinkt og rovdyrinstinktet latent. Dei har nokon gonger kome seg lause og vorte innhenta, og eg har og sleppt dei laus, men då har forvissa meg om, at eg kan hente dei inn att kjapt.

Ønskjer eg mine to beste venner godt, så unngår eg å utsetje dei for uansvarleg oppførsel frå mi si side.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags