Hundeeigarar må ta sitt ansvar seriøst

SERIØST: Dersom vi som hundeeigarar tar ansvaret med hundehaldet vårt seriøst, kan ein med større sannsyn unngå dei forferdelege hendingane som oppstår mellom sau og hund, skriv Jon Skrøppa i denne artikkelen. Han har drive med hund sidan 1988, og sidan 2002 har han  vore autorisert aversjonsinstruktør og halde  saueavvenningskurs.

SERIØST: Dersom vi som hundeeigarar tar ansvaret med hundehaldet vårt seriøst, kan ein med større sannsyn unngå dei forferdelege hendingane som oppstår mellom sau og hund, skriv Jon Skrøppa i denne artikkelen. Han har drive med hund sidan 1988, og sidan 2002 har han vore autorisert aversjonsinstruktør og halde saueavvenningskurs. Foto:

Av

Tek vi som hundeeigarar ansvaret seriøst, kan ein unngå forferdelege hendingar som oppstår mellom sau og hund

DEL

MeiningarHund til nytte og glede – ja det er vel derfor dei fleste anskaffar seg hund i utgangspunktet. Det er likevel ikkje alle som er heilt forberedt på kva det inneber å ha ein hund, frå den er ein liten og søt kvalp, til den blir ein stor, flott og sprek vaksen hund. Dessverre har ein også denne sommaren via media lese og høyrt om hendingar der bufe, stort sett sau, har blitt jaga og/eller skada av hund.

Eg har sjølv drive med hund sidan 1988, og har sidan 1996 drive aktivt med fuglehund som eg har jakta og delteke på fuglehundprøver med. Sidan 2002 har eg vore autorisert aversjonsinstruktør (saueavvenningskurs) og har møtt ein god del ulike hundar i den forbindelse. Heldigvis så finnast det ein del hundeeigarar som tek sitt ansvar med hundehaldet seriøst, og deltek på aversjonsdressurkurs. Dei fleste hundane tar dette raskt og mistar lysta på sau, medan nokre få lar seg ikkje så lett «skremme». Dette er noko hundeeigaren både ser med eigne auge, og det blir opplyst av instruktøren. Slike hundar får sjølvsagt ikkje noko sauereinhentsbevis og eigaren må vere særs bevist på korleis ein skal stelle seg til dette vidare.

No er sjølvsagt eit sauereinhetsbevis ikkje noko garanti for at hunden ikkje skal springe etter sau, men eit bevis for at hunden har vore testa og funne i orden til at eit bevis kunne leverast ut. Hundeeigaren må sjølv heile tida vurdere korleis hunden vidare oppfører seg når det er sau i nærleiken, og skulle det gå gale så kan ein sjølvsagt ikkje bruke sauereinhetsbeviset som noko «frihetsgrunn» som fritar hundeeigar frå ansvaret. Vil også understreke at eit sauereinhetsbevis ikkje er noko «bevis for å unngå bandtvangen», noko som alltid blir opplyst ved utlevering av beviset.

Den ordinære bandtvangen er som kjent i tidsrommet 01. april–20. august. Bandtvangen er ikkje berre til for å verne om husdyra, men også for at ville fuglar og dyr skal få ro i eit tid der dei skal få fram sine ungar.

I enkelte kommunar er det utvida bandtvangstider, men det er etter hundelova opna opp for at hund i bruk til ulike føremål kan sleppast laust (vil her minne om at ein må ha samtykke frå grunneigar/ara i dei tilfella ein driv med aktivitet som eks.vis trening av jakthund) Så for dei av oss som driv med eit hundehald som tilseier at hunden skal vere laus, så har vi ikkje mykje å klage på når det gjeld avgrensingar av bandtvangstida dei få månadane i året dette gjeld.

Jaktprøve med ståande fuglehund har i mange tiår vore ein populær aktivitet. Når prøvene blir arrangert på hausten, enten på høgfjellet, i skogen eller på innmark, så er det som oftast eit absolutt krav om sauereinhetsbevis. Viss det oppstår uønskte hendingar der hund jagar eller tar bufe, så skal dette rapporterast inn.

Kvar haust er det mellom 7000–8000 prøvestartar, og i sesongane 2009–2018 var det totalt 23 episodar der hund har vore i konflikt med sau. 4 av desse vart kategorisert som alvorlege, det vil sei at hunden jaga sauen over lenger avstand eller at hunden var i fysisk kontakt med sauen. Dette betyr at ein har hatt 23 episodar på ca. 75000 startar (kjelde: Fuglehund klubbens forbund)

Kva vil eg meg med å vise til dette, vil sikkert fleire tenkje no. Jo eg vil vise til at dersom vi som hundeeigarar tar ansvaret med hundehaldet vårt seriøst, så kan ein med større sannsyn unngå dei forferdelege hendingane som oppstår mellom sau og hund. Ha hundane i band når ein ikkje har lov til noko anna, og få testa hunden din på sau av ein autorisert instruktør–dette blir arrangert av mange jeger- og fiskeforeiningar rundt om.

Klart uhell kan oppstå av ulike grunnar, slik at ein hund kjem seg laus–men dei aller fleste tilfella når det går gale, så skjer dette fordi eigaren let hunden gå laus på «stien like framfor fordi den er så lydig og snill». Det hjelper lite at hunden dagen i førevegen inne på stovegolvet kunne både sitte, gje labb og kanskje spele død på kommando–når den plutseleg får ferten eller synet av ein springande sau eller kanskje ein fugleunge som så vidt flaksar 20 cm over bakken. Slike «ekstremtilfelle» har dei færraste hundar fått noko trening på, og då blir eigaren sitt rop som «sitt, kom her..» heilt fånyttes. Dei fleste hundeeigarane kjenner hunden sin berre i dei normale og daglegdagse situasjonane.

Det er blitt nemnt i ein reportasje at eit liv i band ikkje eit godt nok hundeliv. Einig i at ein hund ikkje skal stå i band «dag ut og dag inn», men den skal lufte seg, og ut på tur i band er oftast den måten ein hund kan bli lufta på og det går fint å gje hunden ein god dagleg trim i band–ja det vil medføre at vi som hundeeigarar får tilsvarande trim/tur, noko vi berre har godt av.

Vil heilt til slutt oppfordre saueeigarar rundt om i Sogn og Fjordane om følgande:

  • Forsett og vær kritisk til lause hundar i skog og fjell, men la dette likevel ikkje gå utover dei som faktisk har hund som kan vere laus etter ordinær bandtvangstid og tilfredsstiller dei formelle krava som blir stilt. Viss de oppdagar at folk trossa bandtvangen, meld dette til politiet, så kan politiet med heimel i hundelova skrive ei åtvaring til vedkommande. Dette gjer det lettare for politiet å gjere tiltak på eit seinare høve, dersom det skulle skje noko meir med den same hunden (når eg skriv meld, så meina eg ikkje nødvendigvis anmeldelse, men ei melding/varsel til politiet som såleis blir tatt vidare i forvaltingssporet i første omgang). Ofte kjem ei uønskt hending til politiet når det har gått skikkeleg gale, i staden for på eit tidleg tidspunkt, slik at hendinga kanskje ikkje hadde oppstått.
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags