Prisauke på straum? Kven får rett?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevTysdag 23. januar arrangerte ei rekkje fagforeiningar og LO-styre ei fanemarkering fram for Stortinget. Bakgrunnen var frykta for at Stortinget skal vedta norsk tilslutning til EU sitt energibyrå. ACER. Fagforeiningane markerte seg fordi dei fryktar at norsk tilslutning skal bety dyrare straum. Koplinga mellom krafteksportkablar og EU si overstyring gjer at vi misser råderetten over krafta vår.

Dyrare straum vil gå ut over økonomien til arbeidarklassen og lønsmottakarar flest. Og det er ein alvorleg trussel mot særleg arbeidsplassane i den kraftkrevjande industrien. Den har mykje å seie, ikkje berre for mange lokalsamfunn i Distrikts-Noreg, men også for heile nasjonen sine eksportinntekter. Men like viktig; dyrare straum vil auke dei økonomiske kostnadane for all næringsverksemd. Dyrare straum er ein trussel mot den verdiskapinga som den eksisterande velferda er basert på.

Partia Raudt, SV og SP er heilt på linje med fagrørsla i denne si frykt for auka straumprisar med konsekvensar for arbeidsplassar og velferda. Desse partia har dessverre ikkje fleirtal. AP sitt elendige valresultatet og svekka stilling, har ikkje berre med Giske og Støre å gjere. Raudt er einig med Kolberg som seier at AP si fallande oppslutning har med ideologi å gjere. Eller rettare sagt mangel på sosialistisk ideologi.

Medan fagrørsla har ideologisk styrke til å yte motstand mot auka kraftprisar, står AP sin saksordførar, Espen Barth Eide, fram og forsvarer norsk tilslutning til EU sitt energibyrå. Han hevdar i ABC Nyheter at nabolanda si utbygging av fornybar energi, har ført til at utanlandske kraftprisar har falle og at prisforskjellane vil fortsette med å falle.

Til ABC Nyheter seier direktør Ole Børge Yttredal i Norsk Industris energi- og miljøavdeling derimot følgjande om krafteksport: ”Vårt standpunkt ligger fast. Det er ikke snakk om en bekymring. Det er en realitet at kraftprisene vil øke.”

Høyanger kommunestyre har i ei fråsegn i november 2017 uttala seg mot at Noreg skal gje frå seg suverenitet til EU sitt energibyrå. To av dei øvste tillitsvalde i Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening, Billy Fredagsvik og Astrid Refsdahl, og leiaren i bedriftsgruppa for Høyanger-avdelinga av Forbundet for Leiing og Teknikk, Aksel Svarstad, var tysdag 23. januar i Oslo der dei saman med mange andre markerte vårt syn på saka.

Kva er ditt syn og korleis blir dykkar stemmegjeving, Ingrid Heggø og Tore Storehaug? I denne saka er Høyanger og mange andre lokalsamfunn i dykkar hender.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags