Berre musesteg?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevVil kronisk sjuke i Høyanger kommune og som er under låginntektsgrensa, få refundert eigendelen på fysioterapi? Vil foreldre som er under låginntektsgrensa få moderasjon i dagsprisen på SFO?

Raudt Høyanger ønskjer at det skal bli slik. Vi brukte derfor kommunestyret sitt budsjettmøte for å få til noko i denne retninga. Vi fekk først med oss AP og deretter resten av kommunestyret. Samrøystes vedtak - det lovar godt!

Kommunestyret vedtok samrøystes at rådmannen skal utgreie saka nærmare. Ja, dette er berre ”musesteg”, men problemstillingane blir no i første omgang tekne hand om av rådmannen. Kommunepolitikarane må i neste omgang seie ja eller nei til rådmannen sine konklusjonar.

I stortingsvalkampen 2017 var kampen mot ”Forskjells-Noreg” ei hovudsak for Raudt. Talet på menneske med låg inntekt aukar. Raudt kan ikkje godta at klasseforskjellane aukar. Derfor brukar vi posisjonen vår i kommunestyra til å gå mot FrP/Høgre sine kutt i velferdsordningane.

Frå vår synsstad var det usosialt og urettferdig når FrP/Høgre fekk gjennom i Stortinget at mange kronisk sjuke heretter må betale eigenandel på fysioterapi. FrP/Høgre gjorde dette for å finansiere endå meir skattelette for dei rike. For Raudt, som både vil minske og fjerne klasseforskjellane, var dette uakseptabelt. Raudt brukar derfor plassane våre i kommunestyret til å skape eit snev av sosialisme.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags