Ute av syne – ute av sinn?

Raudt vil åtvare mot omtankelaus reduksjon av delingstimar, som er ein annan av idéane til Telemarksforsking, skriv Einar Rysjedal og Randi Aven

Raudt vil åtvare mot omtankelaus reduksjon av delingstimar, som er ein annan av idéane til Telemarksforsking, skriv Einar Rysjedal og Randi Aven Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Skulestrukturen blir uendra», skreiv lokalvisa Ytre Sogn 15. mai. Raudt og eit samrøystes Høyanger kommunestyre røysta 9. mai heldigvis mot slike innsparings-idéar frå Telemarksforsking sin rapport. Idéen var f.eks. å legge ned Vadheim skule, slik at elevane måtte reise til Kyrkjebø eller Lavik. Denne og liknande omstruktureringar (= sentralisering), blei samrøystes forkasta.

Det var heilt i tråd med programmet som Raudt gjekk til val på i 2015. Vi kjem mest truleg til å gå til val på det same ved kommunestyrevalet i september: «Opretthalding av skulestrukturen – større klassar minskar kontakten lærar/elev, og skulane er viktige samlingspunkt i bygdene».

Raudt vil åtvare mot omtankelaus reduksjon av delingstimar, som er ein annan av idéane til Telemarksforsking. Rapporten seier at ein reduksjon av delingstimar med inntil 6 årsverk, vil gje ei innsparing på 4 millionar kroner. Dette kan fort gje eit elevfiendtleg resultat.

Talet på elevar som treng, og har lovleg rett til spesialundervisning, har auka dei tre siste skuleåra – til 9 % i inneverande år. Spesialundervisning kan vere aktuelt ved lærevanskar, språkvanskar, sosiale utfordringar eller åtferdsvanskar. Auken gjer at ein må vere på vakt og lære av historia.

For 6–7 år sidan var nivået så høgt (12 %) at kontrollutvalet fekk gjennomført ein forvaltingsrevisjon for å komme på gode tiltak mot det aukande behovet for spesialundervisning. Eit av råda frå kontrollutvalet i 2014 var «å auke talet på praktiske og pedagogiske delingstimar.» Kommunestyret sa seg einig den gongen.

Raudt foreslo derfor at rådmannen si utgreiing av økonomisk innsparing skulle ta omsyn til dette. Det var nedslåande at vi berre fekk våre eigne stemmer på dette. Vi må spørje dei andre partia; har dei ikkje registrert det aukande behovet for spesialundervisning? Hugsar dei ikkje tilrådinga frå kontrollutvalet i 2014? Ute av syne – ute av sinn?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags