DEBATT: Skal vi delta i krigen?

Av
DEL

Lesarbrev 

Høyanger 1. mai 2014. Erling Borgen heldt ein av dei beste 1. mai-talane som har blitt haldne i Høyanger. Vi hugsar at han angreip den norske vilkårlege bombinga av Libya. Den skjedde som handsrekning til USA fordi supermakta ønskte seg eit nytt regime i landet – eit regime som var velvillig overfor vestmaktene sin krigerske kamp for å kontrollere heile verda.

Vi veit ikkje kor mykje den norske leigesoldat-innsatsen kosta økonomisk, men vi veit at flya som stod for den norske bombinga på berre nokre få dagar slapp ut 34.000 tonn CO₂. Det svarar til fire månaders utslepp frå Hydro Høyanger.

Den pågåande NATO-øvinga Trident Juncture, vil også påverke miljøet og klimaet negativt. Borgen har kravd utsleppstala på bordet. Vi ventar spent!

Det andre store problemet, og som driv fram krigen, er at nokon tener pengar på våpenproduksjon. Krigsprofitørane tener økonomisk på at menneskeliv går tapt og miljøet blir forringa.

Heile 50.000 stridande frå 31 nasjonar er skal vere involverte. Øvinga vil koste oss mellom 1 og 2 milliardar kroner. Men då er ikkje kostnadane med øydelagt infrastruktur og redusert miljøkvalitet rekna med. La oss seie det blir til saman 3 milliardar.

Jamt fordelt på statlege tilbakeføringar til kommunane, ville det gjeve Høyanger kommune 3 millionar kroner ekstra. For det kunne me ha sikra at fire omsorgsarbeidarar kunne blitt verande i kommunen for å gjere endå betre omsorg og pleie til dei av oss som treng det. Eller vi kunne hatt nok lærarar med pedagogisk utdanning å setje inn som vikarar når behovet er der. Eller vi kunne gjort noko med dei manglane som finst i det kommunale arbeidsmiljøet.

Nei, slik tenkjer ikkje FrP/H/V-regjeringa. Dei stiller oss på USA si side i rivaliseringa med Russland. Denne øvinga konkret, og NATO-medlemskapen generelt, gjer Noreg mindre trygt. Det andre regjeringsalternativet, med eller utan KrF, stiller seg også på USA si side.

Når Norge i 1949 slutta seg til NATO, fekk vi baseerklæringa. Den sa at det ikkje skulle tillatast utanlandske troppar på norsk jord i fredstid. Vi skulle heller ikkje ha atomvåpen på norsk jord. Det atomdrivne hangarskipet USS Harry S. Truman ligg no visstnok ein stad i Vestfjorden. Dette lovar ikkje godt. Vi må no reise ei sterkare rørsle mot krigen og mot norsk krigsdeltaking. Vi må ut av NATO.

Les også: Rødt og SV i fylket er historieløse når de diskuterer NATO

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags