Høyanger Næringsutvikling – framleis AS?

SPESIEALITETAR: Nordfjordeid har opera, Jølster har Astruptunet, Hyllestad har Kvernstein-parken, Balestrand har reiselivsmuseum. Alle desse kommunane har evna å gjere noko ut av slike «spesialitetar». Kraftturisme bør vere eit satsingsområde i Høyanger, meiner artikkelforfattaren. Biletet er frå Astruptunet.

SPESIEALITETAR: Nordfjordeid har opera, Jølster har Astruptunet, Hyllestad har Kvernstein-parken, Balestrand har reiselivsmuseum. Alle desse kommunane har evna å gjere noko ut av slike «spesialitetar». Kraftturisme bør vere eit satsingsområde i Høyanger, meiner artikkelforfattaren. Biletet er frå Astruptunet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet føregår lovande arbeid på «Fundo-bygget» med smelting av restmetall som tidlegare har blitt sendt ut av bygda som avfall. Dette kan det absolutt bli noko av, og det kan vere ein miljøvinst som inneber arbeidsplassar – i alle fall dersom også dei andre aluminiumsverka vil bruke Høyanger til slik smelting.

Vi les at det også er andre planar på Fundo-bygget – m.a. smelting av katodestål. Også her kan det forhåpentlegvis bli arbeidsplassar til ungdomar som føretrekkjer industriarbeid framfor å reise ut etter anna arbeid enn det som Høyanger blei bygd på.

I Hordaland fylkeskommune blei det i 2019 arbeidd med eit prosjekt dei kallar Kraftturisme. Dette er midt i blinken for Høyanger. Raudt Høyanger kjempa derfor for å få dette forankra i kommunebudsjettet som blei vedteke i desember. Og vi lukkast!

For Raudt er Kraftturisme noko meir. Krafta var og er grunnlaget for industriarbeidsplassane som igjen blei og blir grunnlaget for arbeidarklassen si historie og verdiskapinga åra framover. Ingen stader i fylket Sogn og Fjordane er desse tre elementa, kraft-/industri-/arbeidarhistorie, så godt vareteke materielt og dokumentert som i Høyanger.

Nordfjordeid har opera, Jølster har Astruptunet, Hyllestad har Kvernstein-parken, Balestrand har reiselivsmuseum osv. osv. Alle desse kommunane har evna å gjere noko ut av slike «spesialitetar». Kommunane skaffar seg fleire bein å stå på gjennom å gjere seg attraktive for menneske med annan kompetanse enn den som er der frå før og som er den kompetansen desse lokalsamfunna og kommunane kviler på.

I desember 2018 fekk Raudt Høyanger heile kommunestyret med på ei oppfordring til Høyanger Næringsutvikling AS om å «greie ut korleis musea i Høyanger kan løftast meir fram i samarbeidet med Musea i Sogn og Fjordane, for på den måten å kunne nå ut til fleire». For oss var dette i «same gata» som det noverande Kraftturisme-prosjektet. Pr. dato har kommunestyret ikkje sett noko til denne utgreiinga frå HNU.

På budsjettmøtet før jul kom Borlaug frå SP med eit forslag om at rådmannen skal greie ut korleis HNU er organisert i dag og synleggjer «korleis andre kommunar organisere sine næringsselskap». Raudt støtta naturlegvis dette forslaget som blei samrøystes vedteke.

For Raudt er dette ikkje minst eit spørsmål om HNU skal vere organisert som eit aksjeselskap eller på ein annan måte. Med «annan måte» meiner Raudt noko som liknar meir på korleis kommunale etatar forvaltar dei millionane som kommunestyret har gjeve dei råderett over. Skal det slik sett vere forskjell mellom næringssjef og f.eks. oppvekstsjef?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags