Lavik-ambulansen er viktig for tryggleik og beredskap på E39

KRAV: Vårt krav er at det også for framtida må vere døgnambulanse i Lavik, skriv artikkelforfattarane. Bildet er fFrå tryggleiksdag i Lavik saman med ambulansetenesta og brannvesenet

KRAV: Vårt krav er at det også for framtida må vere døgnambulanse i Lavik, skriv artikkelforfattarane. Bildet er fFrå tryggleiksdag i Lavik saman med ambulansetenesta og brannvesenet Foto:

Av
DEL

LesarbrevNAF Avd. Fjordane og Ytre Sogn har nett gjeve sitt innspel til Prehospital plan for Helse Førde. I planen for bil- og båtambulansetenesta er det tilrådd å legge ned ambulansestasjonen i Lavik og nytte flåtestyring frå Høyanger og Fjaler. Dette meiner vi vil svekke tryggleiken på E39 ved ulykker.

E39 er hovudtrafikkåra mellom Kristiansand og Trondheim. Lavik er eit viktig knutepunkt i så måte. Gjennom Lavik går det mykje nyttetransport. Sett i samanheng med oljenæringa går det også mykje oljerelatert transport mellom terminalar nord og sør for Lavik. Mykje av denne transporten er farlig gods, væske og kjemikaliar.

Lavik ligg også ved eitt av dei viktigaste ferjeleia i landet, eit ferjeleie som i dag baserer seg mykje på el-ferjer som inneber ladestasjonar. Det er ein viss risiko både ved ferjehavari/ulykke og eksplosjonsfare ved store el–ladeanlegg. Difor er det viktig at det er ein ambulanse på døgnvakt i Lavik.

I tillegg til dei som bur i regionen og som Helse Førde nyttar som personekvivalentar i sine utrekningar, er det mange personar som køyrer gjennom området. Dette tal personar må også takast med i den totale summen av personar som oppheld seg i regionen til ei kvar tid.

Ut frå Statens Vegvesen sine statistikkar aukar trafikken jamt og trutt ved tellepunktet i Bogstunnelen. Ved utgangen av 2018 synte trafikktala ein ÅDT på 1922 køyretøy. Av dette er 20% tunge køyretøy. Går ein inn på data i same base syner det seg at trafikkutviklinga for eit større geografisk område ligg på ein trafikkindeks på 1950 køyretøy.

I området er det mange vegtunnellar. Fleire av dei er lange og ein del er gamle og stettar ikkje dagens krav til tryggleik, sjølv om ein del av dei er under oppgradering.

I den seinare tid har vi opplevd fleire scenario med tunnelbrannar og større ulykker i tunnellar. Neste scenario kan like gjerne skje i ein av tunnellane i dette området. Då er det viktig å ha ein tilgjengeleg ambulanse strategisk plassert. På nytt utpeikar Lavik seg til å vere denne staden.

Trafikktryggleik og omkøyringsruter er viktige element i dagens trafikkstruktur i vårt samfunn. Vi reknar med at også Helse Førde er involvert i dette arbeidet, ikkje minst i høve responstid.

Ved ei evt. ulukke i tunnel mellom Lavik og Høyanger har vi heile fem tunnellar; to mellom Lavik og Vadheim og tre mellom Vadheim og Høyanger. Vil angrepspunktet vere vestfrå er det viktig at det er ein fast ambulanse i Lavik som kan rykke ut.

Det er vidare nemnt at Høyanger sørside kan dekkast frå Gulen (Helse Bergen) og Høyanger. Responstida vil vere kortare for Høyanger sørside frå Lavik enn frå Høyanger. Ferja Noreide – Ortnevik går sjeldan. Vidare er det presisert at det er få oppdrag i framlegg til struktur. Men vi har også E39 i Gulen kommune frå Oppedal ferjekai til Jernfjelltunnelen. Responstida frå Lavik vil vere kortare enn frå Gulen dersom angrepspunktet ved ei ulukke må gjerast frå nordsida. Ambulansetenesta i Gulen er stasjonert på Dalsøyra.

Vårt krav er at det også for framtida må vere døgnambulanse i Lavik.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags