Barnefattigdom også i Høyanger

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

LesarbrevDet er meir barnefattigdom i Høyanger kommune enn generelt i Sogn og Fjordane. Vi kan lese det ut av offentleg statistikk på nettstaden bufdir.no. Heile 80 born i Høyanger lever i hushald med låginntekt siste året. Det er 9 % av alle born i Høyanger. På fylkesplan er det 6,2 %. Dersom Høyanger hadde oppnådd fylkesnivået, hadde 25 born kome seg ut av fattigdomen.

Raudt kom på sporet av dette alvorlege problemet gjennom fagforeininga Fellesorganisasjonen sine merknader til rådmannen sitt budsjettforslag. I kommunestyret reiste vi forslag om at budsjettet skal styrkast ut på året for å få bukt med barnefattigdom og behovet for sosialstønad. Vi er glade for at vi fekk eit samrøystes kommunestyre med oss på dette.

Kva kan så gjerast? Det viktigaste tiltaket er at fleire må få seg arbeid og eit arbeid som er godt løna. Høyanger kommune har alt gjort ein del med å etablere praksisplassar, men dette må bli meir av. Og NAV må få meir ressursar til å følgje opp tiltaka.

Avisa Ytre Sogn har på leiarplass tysdag 20. desember ei god beskriving av problem for fattige born. Avisa Klassekampen informerte måndag 19. desember om forskingsresultata til Nova-forskar Mira Aaboen Sletten: "Ungdom med rike og høgt utdanna foreldre får langt sjeldnare psykiske plager enn unge frå fattigare familiar”.

Fasiten etter den mørkeblå regjeringa sitt første heile budsjettår, er at 10700 fleire nordmenn har blitt fattige, medan dei rike aldri har vore rikare. Dette er ein vilja politikk frå den kanten. Kan ei meir eller mindre sosialdemokratisk regjering med Jonas Gahr Støre som statsminister gjere det motsette? Skattlegge dei rike såpass at dei fattige kjem seg ut av fattigdomen? Og vil dei? Det står igjen å sjå, men vi fryktar det motsette.

Kan kommunane, og mellom dei Høyanger kommune, vere ei sterk nok motkraft til sentralstyresmaktene sine misgjerningar? Problemet er at kommunane er avhengige av tilstrekkelege økonomiske tilbakeføringar frå staten. Dei mørkeblå, lyseblå og rosa er skjønt einige om at det offentlege tenester skal haldast på nede. Det gjer det vanskeleg for kommunane å føre ein politikk mot barnefattigdomen.

Raudt Høyanger ser likevel forventingsfullt fram til administrasjonen si oppfølging av eit samrøystes vedtak om å gjere noko med barnefattigdomen og med behovet for sosialstønad i vår kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags