Oslo-Met-Storbyuniversitet

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevVil du fram i verda, må ambisjonane vere store. Og ein må ha stil! Høgskolen i Oslo og Akershus har funne at namnet deira ikkje har noka framtid i seg. Men heldigvis kan namn endrast så ikkje det skal vere til hinder for at skulen skal få den plass i verda dei hugar etter, og som verda treng. Det nye namnet er Oslo-Met-Storbyuniversitetet.

På engelsk Oslo Metropolitan University. Høgskulen, no universitetet, utdannar hovudsakeleg lærarar, barnehagelærarar, sosionomar og sjukepleiarar. Rektor Curt Rice har vekt strid med utspelet sitt om å bannlyse forskningsartiklar på norsk.Slikt bør skrivast på engelsk! Lærarkreftene må vere dei beste for å nå dei høge mål. Då må ein ikkje stengje ute dei mange framifrå lærarar som ikkje kan norsk; Altså krev ein ikkje at lærarar skal kunne norsk for å kunne verte tilsette. Skal elevane få fullt utbyte av førelesingane på engelsk, må dei vere gode nok i engelsk. Men det går nok greitt. Høgskular og universitet har eit ansvar for å utvikla norsk som fagspråk. Dei fleste som vert utdanna, skal arbeide i Noreg og må beherske norsk fagspråk for å fungere godt på arbeidsplassen. Men engelsk vil heilt sikkert fungere betre.

Metropol er eit ord med schwung; ein storby med stor økonomisk, politisk og kulturell betydning for eit land eller ein region. Oslo er ein storby i Noreg, men elles ikkje. I den store verda har Oslo eit folketal som ein middels forstad. Då er det kjekt å sjå folk som med magi, her med namnebyte, kan greie å kompensere for den hemskoen det er å vere innestengd i eit lite språk, og eit lite folk. Og det må alle vere samde om; Metropolitan høyrest mykje betre ut. Då kan ingen mistenkje skulen for å liggje i Oslo-bygda.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags