Eit landskap i rask endring

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sjukepleiehøgskulen i Førde.

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sjukepleiehøgskulen i Førde. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevUniversitets- og høgskulesektoren (UH) er i rask endring.  Vi snakkar om eit heilt nytt institusjonslandskap i Norge med langt færre, men tilsvarande større einingar. Samstundes får vi ei ny 5-årig integrert lærarutdanning frå 2017, ny finansieringsmodell, og skjerpa krav til master- og doktorgradsutdanning samt høgare krav for å oppnå universitetsstatus.

Vi må gjennom sonderingar og forhandlingar finne ut kva som er den beste framtida for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og høgare utdanning på Vestlandet. Men vi må gjere det på våre premissar. Det er ikkje å vere ein nyttig soldat for statsråd og regjering. Det er å vere smart.

Både nord, aust og sør i landet er det gjennomført store samanslåingar. NTNU har nett fusjonert med Høgskulen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Gjøvik og Høgskulen i Ålesund, og har i dag nærare 50 000 studentar. UiT Norges arktiske universitet har ti studiestader fordelt på tre fylker. Også i aust-, sør- og midt-Norge er det gjennomført store samanslåingar. På Vestlandet har lite skjedd.

HiSF skårar svært godt på ei rekkje kvalitetsindikatorar, mindre bra på andre. Lærarutdanninga vår er særs viktig. Med ei ny femårig masterutdanning frå 2017 er det framleis uklart om HiSF tilfredsstiller krava til å få ansvar for dette studiet aleine. Det kan vi ikkje risikere.

Vi har derfor starta ei utgreiing om ein mogeleg ny  Vestlandshøgskule saman med Høgskolen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord /Haugesund (HSH). I tillegg har vi tett kontakt med Høgskulen i Volda. For meg er det avgjerande at vi  held fram sonderingar både sørover og nordover i UH-landskapet.   Eit bortimot samla styre i HiSF har nett slutta seg til dette. Det er òg viktig for meg at styret står mest mogeleg samla, det gjer oss sterkare og gir sjølvtillit. Truleg får vi ei avgjersle tidleg i juni 2016.

Min ambisjon er å vere ein del av ein framtidig sterk UH-sektor på Vestlandet, bygge sterke og meir solide fagmiljø på dagens campusar, vere attraktiv for studentar, bli endå meir relevant for regionen vår, og svare på dei omstillingane vi vil sjå meir av framover. Ambisjonen samsvarer med mandatet vi har gitt oss sjølve når vi har greidd ut ein mogeleg ny Vestlandshøgskule saman med HiB og HSH. Eg skulle gjerne sett Volda også med her. Då ville Vestlandshøgskulen femne heile Vestlandsregionen og  vere komplett.

Åleinegang innanfor akademia er ikkje noko alternativ. Akademia går ikkje aleine, høgskular og universitet har alltid samarbeidd tett og dynamisk innanfor eit stort og flytande globalt nettverk. Fusjon handlar derimot om styringsmodellar. Det finst fleire måtar å løyse dette, og det er det vi må bruke våren på å drøfte. For meg handlar det om å sikre styringsmakt frå Sogn og Fjordane  og løfte opp Vestlandet som den sterkaste universitets- og høgskuleregionen i landet.

Dei raske endringane i UH-landskapet gjer det veldig krevjande for både administrasjon, studentar og styret. Fleire kan nok tenke seg at vi stoppar opp og venter til det heile går over. Men det går ikkje over. Denne reforma stoggar ikkje opp.

Vi lar oss ikkje styre, vi tar styring. Ikkje gjennom deltaking i partpolitiske debattar om framtida for HiSF, ei heller som aksjonistar. For meg er det viktig at HiSF skal ha styringsmakt. Eg vil ha garanti for at dei to campusane Sogndal og Førde skal kome styrka ut, og at vi gjennom ein ny høgskule skal sikre nye masterutdanningar og  etablere doktorgradsprogram på alle campusane. Eg er stolt og glad i høgskulen vår. Den skal bli endå betre. Og vi skal ha motiverte, dyktige og interesserte studentar og tilsette som framleis skal kunne stå fram å seie at vi har dei beste studiestadane i landet. Med den status, stolte historie, og studentresultat HiSF har, den solide infrastrukturen som er etablert, og med hjelp av engasjerte og dyktige medarbeidarar, får vi det til.

Vi lar oss ikkje styre, vi tar styring.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags