Høgre støttar kampanje for ferie i Noreg

KREVJANDE: Vestland Høgre ønskjer å møta ein svært krevjande situasjon i reiselivsnæringa og gi støtte til ei kampanje for ferie i Noreg. For 2020 og komande år treng me raskt å stable på beina ein effektiv kampanje for ferie i Noreg. På bildet: Sunnfjord hotell.

KREVJANDE: Vestland Høgre ønskjer å møta ein svært krevjande situasjon i reiselivsnæringa og gi støtte til ei kampanje for ferie i Noreg. For 2020 og komande år treng me raskt å stable på beina ein effektiv kampanje for ferie i Noreg. På bildet: Sunnfjord hotell. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det er den tida på året då ein har byrja å gleda seg. Til sommar og sol, til strender og varmt vatn, til å sitje i shorts på ein kafé og drikke ein kopp kaffi eller to. Ein har bladd i katalogar og på nett, ein har latt utferdstrong få fritt løp. Kun avgrensa av lommebok og eventuelle andre praktiske utfordringar.

Heilt sidan tidleg på 1970-talet har det vore fleire nordmenn på ferie i utlandet enn utanlandske gjester inn til Noreg. Men det var før korona kom. Eit hissig virus har spreidd seg over heile verda i raserfart, og det viktigaste tiltaket for å forhindre smittespreiing og at helsevesenet kneler, er å halde seg heime. Både lokalt og nasjonalt.

Det blir ikkje Kreta eller Spania i år. Eller Danmark for den saks skuld. Det blir ein annleis sommar, kanskje heilt unik men også kanskje eit bod på at ting i overskodeleg framtid ikkeje kan vere nett som før. Men det gir også moglegheiter for å oppdaga noko nytt, noko du kanskje ikkje har tenkt så mykje på før; nemleg Noreg som ferieland. Og for oss på Vestlandet – Vestlandet sommardestinasjon.

Å tenkje nært gir nye opplevingar, men er også sårt tiltrengd for eit reiseliv i krise. For sjølv om Vestland samla sett har fleire norske enn utanlandske overnattingar, har trafikken frå utlandet vore stor og viktig, i enkelte regionar over 70 prosent. I 2020 ser det ut til å bli minimal turisttrafikk inn til landet, og det kan bli lite også i 2021.

Økonomisk har dette stor effekt, Vestland hadde i 2019 nær 4, 5 millionar overnattingar i hotell, hytter og på campingplassar. Næringa omsette for over 12 milliardar.

Vestland Høgre ønskjer å møta ein svært krevjande situasjon i reiselivsnæringa og gi støtte til ei kampanje for ferie i Noreg. For 2020 og komande år treng me raskt å stable på beina ein effektiv kampanje for ferie i Noreg – i tradisjonelle og sosiale media – sjølvsagt i samsvar med helsefaglege reiseråd. No må stat, fylkeskommune og kommunar spela på lag med næringa for å fremja Noreg som attraktivt reisemål.

Samstundes vil vi oppmode dei lokale reiselivsaktørane om å gå i dialog med sitt publikum. Medan nordmenn har feriert i utlandet, har mykje av vår turistnæring vore tilpassa utlendingars behov. Nordmenn er ikkje så interessert i troll av plastikk og Noregs-buffé, men derimot aktiv ferie, gode smaksopplevingar og tilbod til alle aldersgrupper.

Kva kan norsk reiseliv lære av «Syden»? Korleis gjere tilboda slik at de fengjer nordmenn meir? Som ein austerriksk hotelleigar nyleg sa: «Vi kan ikkje konkurrera om sola, men service og tilbod kan vi konkurrera om».

Kortsiktige tiltak utelukkar ikkje nødvendige langsiktige tiltak. Reiselivsnæringa treng gode økonomiske rammevilkår, men og fungerande og framtidsretta infrastruktur. Reiselivet treng ikkje minst effektive og miljøvenlege samferdsleløysingar, med gode vegar, serviceanlegg og elektrifiserte transport og hamneanlegg. Men no gjeld det å få sommaren 2020 i hamn, både for reiseglade nordmenn og for den norske reiselivsnæringa! Den blir kanskje helt annleis, men det betyr ikkje at den ikkje kan bli fin!

Noralv Distad

Noralv Distad Foto:

Karl Vågstøl

Karl Vågstøl Foto:


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags