Hjelp til andre kan også vere hjelp til våre eigne

Av
DEL

LesarbrevI desse dagar er mange kloke hjernar i sving for å lose Noreg gjennom ureint farvatn. Det har gått hardt ut over våre oppsparte reservar, og enno er vel ikkje alle «pakkane» delte ut?
I kulissane lurer det største av alle skremsler; børskrakk! Ikkje langt unna halvparten av vår aksjeporteføljen er i amerikanske aksjar. Korleis kursane vil stige eller stupe, kan bli avgjerande for dei fleste av oss.

No har hjelpepakkane hatt som mål å redusere tapa som ulike interesser har lidd gjennom dei siste 12 vekene. Permitterte arbeidsfolk har tapt inntekt og sjanse for å få jobbane tilbake. Bedrifter har fått støtte for å kunne overleve og på nytt kunne produsere og selje produkta på verdsmarknaden.

Så er det store spørsmålet: Vert varene våre etterspurde? Har våre tidlegare handelspartnarar kjøpekraft og betalingsevne? Slike ting ligg og gneg. Vi kan ikkje forvente at ein kan halde fram i arbeidsliv og produksjon som før.

Winston Churchill sa etter Hiroshima-bomba: «Alt har forandra seg – bortsett frå vår måte å tenke på. og derfor drives vi mot en katastrofe av hittil ukjent omfang.»

Men tilbake til mine «små grå» som ikkje har vett til å halde opp med potensielle problemløysingar …

Vi auser opp sild, makrell, kolmule, lodde, torsk, sei, hyse -for berre å nemne dei eg kjem på i farten. Men om dei hungerstruga folkegruppene i Afrika ikkje kan betale, så lyt dei berre svelte, medan vi produserer for lager …

Årleg deler vi ut milliardar i U-hjelp, pengar som svært ofte går til statlege prosjekt medan folket ser lite til hjelpa vår.
Om vi produserer fiskemjøl, -olje og alle dei variantar av proteinrike fiskeprodukt som kan gi norske arbeidsplassar langs kysten vår, så ville det vere framtidsretta politikk. Og desse fiskeprodukta ville kunne kome dei sveltande afrikanarane til gode som livberging og helse – i staden for våpenkjøp og luksusfly til egoistiske statsleiarar som mjølar sine eigne kaker.

Men kven vågar å spinne vidare på den tråden?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags