75 år etter «Den Svarte Fredagen» 9. februar 1945

Den svarte fredagen: 9. februar 1945 styrta ein Mustang ved Bygstad og piloten Cecil Claude Caesar omkom.

Den svarte fredagen: 9. februar 1945 styrta ein Mustang ved Bygstad og piloten Cecil Claude Caesar omkom. Foto:

Av

Søndag er det 75 år sidan det største luftslaget over Noreg under 2. verdskrig fann stad over Sunnfjord.

DEL

LesarbrevBakgrunnen for slaget var ein stadig aukande skipstrafikk langs Norskekysten, der tyske og allierte styrkar kjempa om herredømet over ein viktig trafikk for begge partar. Etter landgangen i Normandie sumaren 1944 fekk dei allierte meir ledig flymateriell som no vart stasjonert og operert frå flyplassane Dallachy og Peterhead i Skottland. Begge partar var interesserte i jernmalmen frå Kiruna i Sverige, som vart lasta på skip i Narvik. Dei tyske skipa hadde ordre om å gøyme seg i ulike fjordar om dagen og prøve å gå med sløkte lanterner langs kysten om natta. Om kvelden 8. februar hadde 10 mindre tyske båtar ankra opp ved Helgøya i Førdefjorden, saman med Destroyer Z 33 med 320 tyske soldatar om bord. Grunna skade i propell vart Z33 slept av ein taubåt. Styrkane vart oppdaga av ein Beaufighter tidleg om morgonen 9. februar. Flymannskapet varsla straks dei allierte flystyrkane i Skottland om kva dei hadde oppdaga. Men sidan tyskarane og hadde observert Beaufighteren og skjøna dei var oppdaga, flytta dei på nokre timar heile flåtestyrken innover i Førdefjorden og bunkra opp ulike stader ved iskanten ved Frammarsvik.

Luftkampen. Når dei 32 allierte Beaufigterane og dei 10 Mustangane nådde Norskekysten og planla angrepet ved Helgøya, gjekk dei i ei felle som kom svært overraskande på dei. Sidan det no tok om lag 15 minutt å omorganisere angrepsplanen til dei allierte, rakk 16 tyske Fockewulf frå Herdla ved Bergen å angripe frå aust med sola i ryggen og skyte ned ni Beaufighter og ein Mustang. Heile 14 allierte omkom frå flymannskapet. Dei tyske mista berre fem fly, medan to av pilotane omkom. På skipa i fjorden omkom åtte personar, men ingen av skipa vart senka.

Ei skremmande oppleving. Det var ei skremmande oppleving når ein berre 6 år gamal står å ser på at vaksne sagar isblokker på elva Lona i Bygstad, og brått høyrer motorbrølet frå 42 fly rett over hovudet. Alle vart redde og la ned arbeidet og sprang inn i skogen på elvebreidda. Der kunne vi sjå at heile flyflokken forsvann aust for Storehesten. Etter nokre minutt kom ein ny flokk på 16 mindre fly over Hjelmeland. Dei hadde om lag same kurs som dei første. Etter ei stund kom fleire fly attende rundt Storehesten. No var det smelling, røyk og sporlys og tydeleg at flya var i kamp med kvarandre. Dei store flya hadde mindre fart enn dei små. Kan minnast at eit av dei store fekk mindre fart oppe på Reinkosten, før det styrta i bakken og roterte nedover lia mot Postvegen. Eit mindre fly byrja å brenne og med ein hale av svart røyk pløygde det seg gjennom skogen på Liagjerde. Når folk seinare på dagen gjekk opp i skogen for å sjå på flyvraka, vart dei yngste av oss stoppa ved grinda på bålplassen på Liagjerde. Vi høyrde seinare om sterke opplevingar i høve dei omkomne flymannskapa, som etter kvart vart henta av tyskarane. I Bygstad var det på denne tida eit tysk kompani av minneleggarar.

Gøyming av flymotor. I nokre år etter krigen vart flyvraka ein spennande leikeplass for oss borna. Mange vaksne plukka ein del flydelar som halehjul og blekkplater som dei tok med heim. Ein sumar før flydelane til slutt vart dumpa i sjøen frå kaia i Vadheim, av di kyrne sleika i seg giftig stoff, klarde vi nokre ungdommar å gøyme ei motorblokk frå Mustangen under ein hellar. Vi la flate steinar og mose over gøymestaden. Denne motorblokka vart funnen att på same staden 30 år seinare. Då vakna interesse til å finne ut meir om flyet og historia til piloten som omkom.

Per Nordeide. Tidlegare redaktør i Firda, Per Nordeide, vart 19 år gamal arrestert av tyskarane for illegalt arbeid og sat på Grini til krigen var slutt. Han tok tidleg til å interessere seg for luftslaget over Sunnfjord. Som lærar og god i tysk, vart det brevveksling både med tyske og allierte pilotar som overlevde luftkampen. I tillegg kom det i stand eit godt samarbeid med Per Skaugestad Diving & Historical Research i Trondheim, som hadde god informasjon om adresser og namn til mange etterlatne i England og Canada.

Minnesmerke over dei 14 falne. Med bakgrunn i innsamla informasjon om luftkampen og dei falne, klarde Per Nordeide å motivere reserveoffiserforeininga, NROF i Indre Sunnfjord, til å sette ned ei nemnd som skulle reise eit minnesmerke ved Førde Lufthamn. Leiaren vart skulesjef Ingulv Gåsvær. Etter om lag eitt år arbeid vart minnesmerket reist 8. mai 1985.

Cecil Claude Caesar. Straks eg hadde adressen til familien til Caesar i England, sende eg eit brev og fortalde om mine opplevingar frå eg var 6 år i høve luftslaget og mine turar til plassen flyvraket låg. Brevet vart godt motteke og kontakten med familien er halde ved like i alle desse åra. Piloten Cecil Caesar var den einaste som vart skoten ned av dei 10 Mustangane som tok del. Cecil var gift med Rhoda og etterlet seg to barn. John var to år gamal og Patricia berre få månader. Cecil var med i barnedåpen før han tok del i luftkampen. Patricia hadde med seg to av døtrene sine, Julia og Susan, då minnesteinen vart avduka ved Førde Lufthamn. Dei var og opp i Fauskelia på Liagjerde og hengde ein blomst der Cecil fall. Frå lesing i faren si loggbok, kunne Patricia fortelje om at faren tidlegare i krigen var i oppdrag over Tyskland og gjekk tom for bensin i flyet sitt. Han slo då av lyset på flyet og klarde å lande i mørket på ein tysk flyplass og parkerte mellom tyske fly. Fann ein slange som han brukte som hevert og stal bensin frå tyske fly. Kom seg på vengene att og heim til England. Eit telegram om at han var sakna var allereie sendt til kona Rhoda, som gjekk svanger med Patricia. Han tok ein taxi og rakk å plukke opp telegrammet i gangen før Rhoda fekk lese det.

I august 2002 vitja Rhoda Caesar minnesmerket ved Førde Lufthamn. Ho sa mellom anna: «Vitjinga mi her i Noreg har lært meg noko viktig om mannen min. Han miste ikkje livet forgjeves, slik som eg alltid har kjent på, heilt til i dag. Den takksemda som eg har møtt her hos nordmennene, fortel meg at hans offer for fridommen er sett pris på».

LUFTKAMP: Kampen mellom britiske Cecil Claude Caesar og tyske Heinz Orlowski 9. februar 1945 enda med at begge flya styrta. Orlowski vart skadd, men overlevde.

LUFTKAMP: Kampen mellom britiske Cecil Claude Caesar og tyske Heinz Orlowski 9. februar 1945 enda med at begge flya styrta. Orlowski vart skadd, men overlevde. Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags