DEBATT: Makta vil skjule sine overgrep

Av
DEL

LesarbrevJulian Assange skipa i 2006 WikiLeaks, ein varslarnettstad som tek imot dokument styresmakter vil halde løynde. No køyrer USA hardt på for å få Assange utlevert for å døme han for å ha offentleggjort informasjon USA vil halde hemmeleg.

Gjennom arbeidsplassen får ein del personar innsikt i ymse dei finn heilt moralsk forkasteleg. Ofte vil dei vere underlagt teieplikt om det dei ser, og å bryte den kan medføre straff. Mange set likevel samvitet først og tek risikoen med å seie ifrå. WikiLeaks garanterer informantane sine anonymitet. Dei sorterer materialet dei får og vel ut kva dei meiner ålmenta bør få kjennskap til.

Soldaten Chelsea Elizabeth Manning leverte gradert informasjon frå krigen i Irak til WikiLeaks. Ho såg klåre krigsbrotsverk og meinte at befolkninga i USA ville endre holdning til krigen dersom dei fekk meir informasjon om kva som faktisk skjedde. WikiLeaks vart vide kjent då dei sende ut biletmateriale frå Manning om syner helikopter i Afghanistan drepe menneske på bakken. USA nekta å frigje videoen frå hendinga og melde at dei hadde drepe væpna opprørarar. Men dei drepne var sivile, og uvæpna. To av dei var reportarar i nyhendebyrået Reuters. Denne avsløringa gjorde WikiLeaks verdskjend. Eit anna døme: USA fortalde at dei gjorde store framsteg med å stabilisere Irak. Men WikiLeaks offentleggjorde hemmelege dokument som synte tydeleg at styresmaktene i USA visste at det motsette var tilfelle. WikiLeaks hadde hovudrollen i å avsløre for all verda at USA si forteljing om krigen i Irak som ei frigjering av folket var falsk. Manning vart arrestert i 2010 og vart først dømt til fengsel i 35 år for spionasje, tjuveri og militære brotsverk. Få dagar før president Barack Obamas gjekk av i 2017, reduserte han straffa Manning var idømd. Ho vart lauslaten i 2017.

Mange hugsar vel «The Pentagon Papers», ei dokumentsamling på sju tusen sider samanstilt av forsvarsdepartementet i USA. Dokumenta synte USA si hemmelege deltaking i Vietnamkrigen frå 1945 til 1967. Daniel Ellsberg lak dokumenta i 1971. Dei vart svært viktige politisk og endra synet på Vietnamkrigen ut over heile verda. Og endå fleire hugsar vel Watergate, som førde til at president Richard Nixon gjekk av i 1974. Alle ser kor viktig det var at folk fekk vite sanninga i desse to døma.

Dette er ein viktig diskusjon. Statsmaktene og mange konservative argumenterer for at dette gjeld statane sin tryggleik. Og det finst sjølvsagt legitime behov statar har for at ymse skal haldast hemmeleg. Andre peikar på borgarane sin rett til å vite, for det er naudsynt for at demokratiet skal kunne fungere. Men kvar skal grensa gå? Dette dilemmaet kan illustrerast med at president Barack Obama la WikiLeaks-saka mot Assange bort då hans juridiske rådgjevarar fann at ei rettssak ville true pressefridomen. President Trump går til angrep på Assange. Sandane har nyleg hatt besøk av Eva Joly, og mange høyrde hennar føredrag. Ho er tydeleg på at kjernen i saka er ytringsfridomen og demokratiet. Om forbod mot maktkritiske ytringar seier ho: Det er Assange i dag og oss andre i morgon.

Makta legg store ressursar i å skrive forteljingar om kva som går føre seg i verda. Ofte er slike forteljingar notoriske fordreiingar, eller også reine forfalskingar. Det er stor semje om at ytringsfridom for kritiske røyster er heilt grunnleggjande for at eit demokrati skal kunne fungere. WikiLeaks gjer her ein stor og naudsynt innsats!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags