Hestadgrend bedehus, parkeringsplass

Av
DEL

LesarbrevViser til lesarbrev i Firda 11. februar 2020 av Bjørg Sølvi Refvik.

I innlegget kjem ho med ein del påstandar som styret i Hestadgrend bedehus ser seg nøydd til å kommentere. For det første reagerar me på at ein person utan tilknytning til bedehuset legg ut vedtak fatta av bedehuset/indremisjonen. Korkje leiar eller andre i styret er kontakta. I tillegg er fleire av påstandane ikkje korrekte. Ho viser til eit styrevedtak som «absolutt ikkje var einstemmig».

Dette styrevedtaket finns ikkje, saka vart handsama på medlemsmøte 23.03.2019. Det var ulike meiningar, men eit klart fleirtal røysta for å inngå avtale med Gaular kommune om bruk av parkeringsarealet. Bedehuset har hatt ein god og ryddig prosess med kommunen. Dei korkje overtalte eller pressa oss til å inngå avtale. Gaular kommune har ikkje ekspropiert parkeringsarialet, slik det vert påstått. Me eig arealet og avtalen er tidsavgrensa til 25 år. Ein bør halde seg for god til å komme med urette påstandar i lesarinnlegg.

Område rundt bedehuset vert allerede idag nytta til parkering for badegjestar og campingbilar. Me ser det som ein fordel at plassen vert rusta opp, asfaltert og oppmerka. Kommunen har ansvar for vedlikehald og bedehuset har rett til plassen ved eigne arrangement. Det skal og skiltast med camping forbode.

Når det gjeld toaletta som skal byggast på nabotomta, har bedehuset gjeve innspel gjennom nabovarsel. Det er ein stor fordel at det endeleg vert orden på toalettforholda for dei som badar og nyttar rasteplassen.

Dersom alle seier nei og ingen vil samarbeide får me ingen utvikling i bygdene.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags