Pasientreiser til bry for drosjenæringa!

VIKTIG: Pasienttransport er ein av fleire viktige grunnar til å ha drosje i alle kommunar i fylket. Den er ein av dei større inntektsberarane og grunnlaget for drosjeverksemd i distrikta, skriv artikkelforfattaren.

VIKTIG: Pasienttransport er ein av fleire viktige grunnar til å ha drosje i alle kommunar i fylket. Den er ein av dei større inntektsberarane og grunnlaget for drosjeverksemd i distrikta, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL
Det er med ein trist følelse ein driv som drosjesjåfør om dagen. Ein føler det i det heile det moalaust å skulle drive med noko som ein eigentleg likar. Dagens realitet er slik at drosjer i område innanfor ytterkantane vert fråtekne meir og meir av levebrødet. Den største fellesnemnaren? Pasientreiser.

LesarbrevEg har i snart 18 år køyrt drosje på heil- eller deltid i både Jølster, Naustdal og Førde. Eg kan difor seie utan tvil, at eg veit litt om kva det krev å drive persontransport i ulike område i Sogn og Fjordane. Pasienttransport er ein av fleire viktige grunnar til å ha drosje i alle kommunar i fylket. Pasienttransport er andre ord ein av dei større inntektsberarane og grunnlaget for drosjeverksemd i distrikta, saman med skulekøyring eller anna kommunal køyring. Vi i drosjenæringa har dei seinare år vorte råka av runde på runde med anbodsutlysingar. Pasientreiser i Helse Førde/Vest har sett seg som mål og spare på det dei meiner er mindre viktige biprodukt av helseføretaka, nemleg pasienttransport. Eg meiner det er ufint av helseføretaket å påstå at vi som utfører tenester for dei, tek av pengar dei kunne nytte til behandlingsmidlar. I eit samla statsbudsjett er det vell mange ting som tek av den samla potten, eller tek eg feil? Ein verdig sjuketransport kan derfor ikkje omtalast slik.

Litt av bakgrunnen for problemet var då fylkeskommunen/staten fjerna dei tidlegare løyvegrensene. Desse hadde som føremål å danna ei slags beskyttande grense mot for stor konkurranse og det hadde sin funksjon for å sikre levelege drosjeløyve og dermed kanskje også levande bygder. Denne fjerninga av løyvegrenser, har medført auka konkurranse på fleire nivå, samstundes som pasientreiser då samlar opp i så få bilar som mogleg, så mange som mogleg. Eg vil gå så langt som til å kalle det ein slags «forfina kvegtransport». For dei som bur i ytterområde, medfører dette mykje ekstra omturar eller hyppige byte av bilar. Ofte handlar det også som lange ventetider både før og etter behandling for dei fleste (1-3 timar er ikkje uvanleg). 

Eg høyrer dei (les: pasientreiser) informerer pasientar om at det ikkje finst ledig bilar. Dette trass i at eg veit at bilar ER ledige. Eg opplever pasientar som av lege har fått beskjed om at dei skal få aleinebil for å få ein mest mogleg skjerma og rask transport, vert stua saman med andre med dertil etterfølgande ventetid og omvegar. Eg opplever dialysepasientar som er på sjukehuset opp til 3 gonger i veka, året igjennom, som må vente langt utover det dei etter regelverket skal vere tvungne til. Eg har køyrt heim pasientar som er så utslitne av å vente at dei tydeleg har det vondt. Eg opplever at turane i motsetnad til før ofte er blitt stille. Årsakene kan til det vere mange, men om du køyrer ein bil med 2–8 meir eller mindre tunghøyrde, slitne, verkande og/eller nedtrykte passasjerar/pasientar, kan det ofte synast betre å ikkje innleie til samtale i det heile. 

Konkurransen og samkøyringa har også store økonomiske konsekvensar. Som med bøndene er vi drosjesjåførar av den oppfatning av å rekne ut både tal timar og timeløn noko som vil gjere vondt til verre. Under dagens prispress og med tal turar vi rett og slett mistar, er den reelle lønnsutviklinga nedadgåande. Eg kan med handa på hjartet seie at det er vanskeleg å sjå at yrket ein lever for og lever av, skal verte drege ned på dette nivået. 

I dei fleste andre anbodsområde under det offentlege, høyrer ein snakk om at anbodsutløysar skal sikre at anboda gjev levelege kår. Dette er vi langt forbi med dagens ordning. For levedyktige drosjer i distrikta må vi ha meir stykkpris finansiering. Når vi har vakt 24 timar i døgnet, må vi ha lov å tene pengar den tid aktiviteten er størst. Kven skal elles måtte betale for inntektssvinnet vårt? Skal vi heve prisane mot tenester utførte for kommunane? Skal enkeltpersonar betale meir ved private behov? Då ville ein kanskje tru at problemet med pirattaxi ville få nok ein ny vekst? Drosjene i ulike delar av Sogn og Fjordane slit faktisk med piratar, då spesielt i helgane. Politiet verkar å meine at oppgåva er for resurskrevjande og let det heller flyte. Men det var heller ikkje hovudtemaet eller fokus i dette innlegget.

Mi første oppfordring går difor til politikarane som jobbar for folket. Ønskjer de å kunne tilby eit drosjetilbod også i mindre sentrale strok, må de gjere endringar. De må då hugse at dei de set føringar for og lyser ut løyve til, er tilbodsytarar som skal yte ei teneste 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka, 52 veker i året. Det MÅ derav også etterlevast det ansvar de har når de lyser ut løyve. Det betyr at løyva skal kunne drive resultatmessig meir enn «nett så vidt» eller «ikkje i det heile» over 0 («null»).

Mi neste oppmoding går til helseføretaket. Om de ikkje ser verdien av ei TAXI i bygdene for eigen del eller som eit samfunnsøkonomisk gode, ber eg dykk gje denne beskjeden klart ut. Denne seigpininga er uverdig og eg vil gjerne vite om det er framtid i det eg driv med eller ikkje.

Til slutt ei lita oppmoding til drosjeeigarane. Sjølv om ingenting vert endra og om de skal håpe å overvinne dette systemet, må de stå samla. Det vil mellom anna sei å sikre at de held dykk innan eigne «løyveområde» når anbod vert utlyste. De KAN IKKJE komme etterpå og klage på manglande lønnsemd når de går pasientreiser sitt ærend og vert ein del av problemet. Drosjenæringa har også andre problem å møte. Men ein ting er sikkert. I eit fylke som Sogn og Fjordane, om vi ikkje i det minste til ei viss grad kan stå samla, då grev vi vår eiga grav.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags