Takk til helsetenesta

Av
DEL

LesarbrevEg ønskjer å gje ein stor takk til Joar Teigen for at han gav uttrykk for ei fin og verdig haldning frå heimesjukepleia i Flora. Dette i samband med kona Liv sin sjukdom og bortgang.

Eg har dei same gode erfaringane som pasient. Fleire gonger for dagen stiller heimesjukepleia opp med varme hender og stor omsorg. Vil og rose kommunen for at dei stiller med teknisk utstyr og legg til rette på beste måte slik at eg så langt kan vere heime.

Var innlagt på sjukehuset i Førde i veke 2, på nevrologisk avdeling, og har den same erfaringa derfrå. Dyktige og smilande personale frå morgon til kveld. Frå tidlegare kontakt med Haukeland sjukehus har eg og dei same gode erfaringane.

Mi oppleving er at vi har eit velfungerande helsetilbod. Sjølv har eg diagnosen ALS, med langt framskriden utvikling. Og eg set umåteleg stor pris på den gode behandlinga eg får.

Tusen takk!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags