Færre døyr når fleire veit

Av
DEL

LesarbrevMange millionar menneske døyr på grunn av det vi kallar «gløymde kriser». Det går ut på at store kriser i verda som ikkje får nok merksemd, og dermed blir gløymde. Grunnen for at dei blir gløymde er fordi det er blitt sagt så mange gangar at det ikkje er nyheiter lenger. Vi ønskjer å nå ut til så mange personar som mogleg for å informere om dei gløymde krisene, og på den måten skaper bevisstheit på situasjonen i håp om å forhindre at fleire døyr unødvendig.

Det er fleire døme på slike kriser. Eit av dei er utrygg abort. Det vil seie at dei bruker ikkje t.d. bedøving eller hygieniske reiskap. Dette kan medføre død, ifølge Leger utan grenser er opp mot 45 prosent av all abort er utrygg.

Ein anna slik krise er slangebit. Slangebit drep i dag 40 gonger fleire menneske enn landminer kvart einaste år. Det er som oftast dei fattigaste av dei fattige som blir ramma. Uønskte menneske i verdas største flyktningleir er 900.000 rohingyaer som har flykta til Myanmar frå Bangladesh. Flyktningleiren forverrar helsa deira både fysisk og psykisk.

Den siste krisa vi skal nemne er konflikten mellom sør- og nord-mali har vart i sju år, og har gått hardt utover sivilbefolkninga. Fleire og fleire blir tvunge på flukt.

Eit framskritt vi har om er ny rotavirusvaksine, som er ei vaksine mot rotasjukdommen som fleire dør av. No skal det komme fleire vaksinar som er billige, toler varme, og er enkel å bruke.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags