Psykisk helse er minst like viktig som ein god fysisk helse

HJELP: Unge Høgre meiner at det er viktig å nedkjempe den aukande graden av psykiske lidingar, og at dette må skje gjennom direkte oppfølging av kvar enkelt som blir ramma. Det viktigaste er ikkje om tilbodet er offentleg eller privat, men at dei som har behov får den hjelpa dei treng når dei trenger det, skriv artikkelforfattaren.

HJELP: Unge Høgre meiner at det er viktig å nedkjempe den aukande graden av psykiske lidingar, og at dette må skje gjennom direkte oppfølging av kvar enkelt som blir ramma. Det viktigaste er ikkje om tilbodet er offentleg eller privat, men at dei som har behov får den hjelpa dei treng når dei trenger det, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevPsykisk helse har heldigvis fått meir fokus, og spesielt blant barn og unge.

Terskelen om å snakke om det er vorte lågare. Det har medført at ein har fått meir kunnskap og endra haldningar i befolkninga. Sjølv om mykje er betre, er det framleis nokre som opplev stigmatisering av sin psykisk helse. Det finst ulike grunnar til stigmatiseringa, men ein av hovudgrunnane er at kunnskapen om ulike psykiske lidingar er låg.

Menneske med ulike former for psykiske helseproblem, uavhengig av kor alvorleg den er, blir stadig møtt med misoppfatningar om at slike problem har ei enkel løysning. Svar som at det berre er å ta seg saman eller å tenke annleis, vil føre til at terskelen for å søke hjelp blir endå større. Noko som gjer at problema veks, og det vil bli vanskelegare å bli kvitt.

Difor er tidleg innsats ein viktig faktor i kampen mot at fleire unge slit med sin psykiske helse. Tidleg innsats vil og vere viktig for alle partar, og difor må ein ha råd til å få på plass eit godt tilbod for ungdomar og elevar. Mange kunne vore redda ut av personleg krise om ein hadde fått tidleg hjelp.

Harald Nyland. 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre

Harald Nyland. 1. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre Foto:

Verdas helseorganisasjon påpeika at arbeidet med å fremme ei god psykisk helse skal vere ressursorientert, målet er å auke bevisstheita og engasjementet hos den enkelte. Dette vil innebere at ein skal fokusere på tilgjengelege ressursar, kva som må til for å ta vare på og byggje ein god psykisk helse blant ungdommane.

Her i Noreg er skulehelsetenestene ein viktig del av å førebyggje psykiske problem blant ungdommar, der det også er eit lågterskeltilbod som fører til at alle som vil kan komme der for å søke hjelp.

Ein kan seie at psykisk helsefremmande kunnskapar baserer seg på tre, men viktige faktorar: autonomi, tilhøyrsel og kompetanse. Kompetanse baserer seg at individet føler seg kompetent til å meistre sitt eiga liv, autonomi blir brukt for å ha fri vilje og handle ut ifrå sine verdiar. Tilhøyrsle handlar om å ta del i eit sosialt fellesskap, der ein føler seg inkludert og har eit stabilt miljø rundt seg.

Unge Høgre meiner at det er viktig å nedkjempe den aukande graden av psykiske lidingar, og at dette må skje gjennom direkte oppfølging av kvar enkelt som blir ramma. Det viktigaste er ikkje om tilbodet er offentleg eller privat, men at dei som har behov får den hjelpa dei treng når dei trenger det. Vi vil også kjempe for at dei ulike kommunane skal tilsette fleire helsesjukepleiarar og psykologar. Det er også viktig at vegen frå psykolog til behandling vert kortare, slik at ein for sett i gang dei nødvendige tiltaka som trengst fortast mogleg.

Regjeringa arbeider også med ein ny handlingsplan for førebygging av sjølvmord, der målet til den nye planen skal vere kunnskapsbasert og ta utgangspunkt i kva vi veit har effekt. Denne planen vil bli lagt fram av Bent Høie i løpet av 2020. Regjeringa vil også vil innføre pakkeforløp innan psykisk helse, vidareføre og forsterke samarbeidet mellom barnevern og ungdomspsykiatri, samt stimulere til tverrfagleg samarbeid mellom tenestene.

Til slutt er det også viktig å påpeike at psykisk helse er minst like viktig som ein god fysisk helse.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags