Ord kan gjere godt, men dei kan også skade

Ord kan gjere godt og dei kan skade, enten det er i munnleg eller skriftleg form. Min intensjon med orda i denne teksten, er å gje ein liten innsikt, slik at det kan bli mindre av dei nedbrytande og skadelege orda. Illustrasjonsbilde

Ord kan gjere godt og dei kan skade, enten det er i munnleg eller skriftleg form. Min intensjon med orda i denne teksten, er å gje ein liten innsikt, slik at det kan bli mindre av dei nedbrytande og skadelege orda. Illustrasjonsbilde Foto:

Av
DEL

LesarbrevDesse orda som kjem ut av munnen vår..... I gjennomsnitt så er det ca. 16.000 ord i løpet av ein dag pr. person.

Dei kan gjere godt og dei kan skade, enten det er i munnleg eller skriftleg form.

Min intensjon med orda i denne teksten, er å gje ein liten innsikt, slik at det kan bli mindre av dei nedbrytande og skadelege orda.

Ein amerikansk psykolog, Steven Reiss, som utvikla Steven Reiss Motivasjons profil, etter eit grundig evidens basert studie, definerte noko av vår kommunikasjonsform og samspel med andre som «kvardagstyranneri» og «sjølvomfamning» (Selfhugging), som også er relatert til kontaktforma «projisering».

Kort fortalt betyr det at vi vurderer og snakkar til, og om ein anna person, utifrå våre eigne behov. Ved mange høve er det gjort i god intensjon, fordi vi verkeleg trur at det som er riktig for oss sjølv, også er riktig for den andre.

Realiteten er; vi kan ikkje vere på innsida av nokon andre enn oss sjølv!

Det du seier til, og om eit anna menneske, dreier seg i realiteten om DINE tankar, DINE kjensler som har sitt utspring i DINE behov, og den DU ER.

Kor bevisst er du på dette, når du uttrykker deg verbalt, munnleg eller skriftleg i løpet av ein dag?

Har du tenkt over kor mange av dine, i snitt 16.000 ord pr. dag, 112.000 ord pr. veke, 448.000 ord pr. månad, 5.376.000 ord pr. år, som kan treffe eit anna menneske, direkte eller indirekte, som nedbrytande og skadelege giftpiler? Og kva om dette mennesket har blitt ramma av mange andre sine verbale giftpiler i løpet av den dagen, og dagen før, og dagen før den dagen, den veka, den månaden, det året, år etter år.

Ein vond sirkel som i ytste konsekvens kan føre til det fatale utfallet.

Den psykiske helsetilstanden i velferdsstaten Noreg bekreftar dette, dessverre.

Sjølv om vi har utvikla oss som menneskerase, så er desse verbale giftpilene og tilhøyrande haldningar og handlingar, slik eg ser det, på mange måtar ei moderne, sivilisert, og dessverre også akseptert form, for gapestokk og steinkasting.

Kjenner du deg verkeleg rettkomen, enten du er i ulike samfunnsroller og posisjonar – eller den vanlege kvinne og mann, til å kaste den første steinen? Eller er du og dine omgjevnader meir tent med at du tar eit djupdykk i deg sjølv?

Lar du deg provosere av desse orda og denne innsikta? Bra – der ligg spiren til djupdykket, og det vidare utviklingspotensialet du er så heldig å ha, som det unike og fantastiske mennesket du er. Det er sanninga om oss som menneske, liten og stor, om vi er villig til å gå stega. Ditt utviklingspotensial er uendeleg. Det begynner med deg og ditt beviste val:

• Kor bevist og ansvarleg kjenner du deg sjølv?
• Kor mykje av dine ord og handlingar er prega av tankelause, og eigentleg ikkje vondt meint, men som likevel ender opp med å såre, skape misforståingar, og i verste fall kan skade eit anna menneske?
• Er du ein del av ein kollektiv gapestokkåtferd?
• Har du tenkt over kva belastning dette er, og kva utfall det kan få for den som er utsett for det?

For nokon er dette ei reell dagleg belastning, som førekjem i heimen, på jobben, i nærmiljøet, blant familie og venner, og også i det offentlege rom, og i sosiale medium.

Det er viktig å ta innover seg at vi veit ingenting om andre sine smertegrenser!

Kva om du neste gang du kjenner på behovet for å projisere ditt over på ein anna person, rettar det mot deg sjølv og spør:

• Kva er det dette eigentleg dreiar seg om?
• Kva er det som rører seg i MEG no?
• Kva er det EG har behov for, som EG blir påverka av i møte med denne personen (e) og situasjonen?
• Er det ei enkelthending, eller eit gjentakande mønster i MEG, og kanskje også i min familie, kultur, trusystem etc.?
• Kor sterkt trur EG på dette?
• Er det eigentleg MITT?
• Skapar det motstand i meg å vere ærleg med meg sjølv på dette området? Om svaret er ja – kvifor?
• Kva illusjonar har eg skapt til mi sanning?
• Er eg villig til å sjå nærare på dette?
• Bestemme meg for å ta dette djupdykket.
• Kva fordelar kan det få for meg og mine?
• Kan eg gjere dette aleine, eller treng eg nokon å snakke med, eller set det så djupt i meg at eg treng profesjonell hjelp, kanskje ein objektiv person som kan sjå det frå utsida, og gjerne i eit anna perspektiv.

Vi har eit stort utviklingspotensial som menneskerase, og slik vil det vere i all vår eksistens og levetid.

Vi er ikkje feil, og vi gjer heller ikkje feil når det er ubevisste handlingar i oss. Vi er eit rikt mangfald som gir oss erfaringar, det essensielle grunnlaget for vår eksistens og utvikling. Ei utvikling vi som vaksne sjølv er ansvarleg for, og også kva vi viser yngre generasjonar.

Når du no har lest så langt, og har fått tilgang til denne innsikta, om den var ny for deg i ein eller anna grad, så er du ekstra ansvarleg for vidare val og handlingar. Husk at det å ikkje velje, og det å ikkje handle er også eit val og ei handling.

Vi er født med ein munn og to øyre, som inviterer til ein rytme til å lytte til andre, innover i oss sjølv, og til å kommunisere utifrå oss sjølv – her ligg vårt ibuande potensial til klokskap & visdom – fred & kjærleik.

Vi lære så lenge vi lever – Vi lever så lenge vi lærer. Eg heiar på oss – Er du med?

Kloke Mor Teresa sa: «snille ord er kanskje korte, men deres ekko er uendeleg».


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags