Styrk grunnbemanninga i sjukehusa

KUTTAR KUTT: Raudt vil reversere regjerigna sitt kutt i løyvingane til dei regionale helseføretaka.

KUTTAR KUTT: Raudt vil reversere regjerigna sitt kutt i løyvingane til dei regionale helseføretaka. Foto:

Av
DEL

LesarbrevNyleg sa HR-direktøren i Helse Førde, Arne Skjelten, at sjukehuset har problem med å få tak i nok vikarar. Fleire helseføretak slit med det same, noko som ifølgje NRK Sogn og Fjordane får følgjer for ferieavviklinga mange stader i landet.

Heilt sidan helseføretaksmodellen vart innført i 2001, har sjukehusa vore underlagt styrings- og rekneskapsprinsipp henta frå det private næringslivet. Eit overdimensjonert helsebyråkrati og sentrale politikarar legg no større vekt på bedriftsøkonomiske prinsipp enn helsefaglege vurderingar. Dette har m.a. ført til at kirurgisk akuttberedskap og fødetilbod er blitt reduserte eller fjerna og at fleire sjukehus har blitt lagde ned eller er gjort om til såkalla lokalmedisinske senter.

Regjeringa kuttar i løyvingane til dei regionale helseføretaka etter ostehøvelprinsippet. Raudt vil reversere dette kuttet og styrke sjukehusa med 1,5 milliardar. Dette vil m.a. sikre betre bemanning, betre fødsels- og barselomsorg og betre løns- og arbeidsvilkår.

Det er nødvendig å auke grunnbemanninga i sjukehusa. Det vil vere positivt for pasientane og vil redusere sjukefråværet, noko som igjen vil minske behovet for vikarar.

Raudt vil ha eit solid og tilstrekkeleg desentralisert helsevesen, der sjukehusa er underlagt ein open og demokratisk styringsmodell med folkevald kontroll. Dette vil gje meir ro i sjukehus-Noreg, Ei slik endring vil også gjere det meir attraktivt å arbeide i helsevesenet og styrke rekrutteringa.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags