Enda ei verksemd frå Gloppen til Eid?

FLAGGSKIP: Firda Fysikalske er eit av flaggskipa til Gloppen, ei av dei aller mest robuste verksemdene. Dei har ei framtid så langt tanken kan rekke, skriv artikkelforfattaren.  Bertel Rune Kaale er eigar og dagleg leiar.

FLAGGSKIP: Firda Fysikalske er eit av flaggskipa til Gloppen, ei av dei aller mest robuste verksemdene. Dei har ei framtid så langt tanken kan rekke, skriv artikkelforfattaren. Bertel Rune Kaale er eigar og dagleg leiar. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I Gloppen har vi hatt nokre år med god utvikling, med vekst i folketalet og deler av næringslivet. I nabokommunane skjer endringane enda raskare, og veksten er betydeleg større i det som blir Stad og Sunnfjord kommunar. Nye strukturar er i ferd med å bli lagde. Dette gjeld handel, næringsliv og kommunikasjonar.

Gloppen står i fare for å falle mellom to eller fleire stolar. Valet om å stå på eigne bein er krevjande og vil by på utfordringar. Korleis skal vi utvikle næringslivet vårt i konkurranse med desse sterke naboane? Kommunen treng arbeidsplassar og skatteinntekter. Å ta vare på dei mest robuste verksemdene er heilt nødvendig. Firda Fysikalske er ei verksemd kommunen ikkje har råd til å miste.

Å miste ei forretning som El-kjøp til Eid er overkomeleg. Å miste Firda Fysikalske til Eid er nedbrytande. Det er katastrofe for brukarane, det vitnar alle lesarinnlegga om. Likevel er dette først og fremst ei ulykke for kommunen. Spørsmålet er om kommunepolitikarane klarer å tenke strategisk og ta dei grepa som skal til for å sikre framtidige skatteinntekter og arbeidsplassar? Seier Firda Fysikalske farvel til Gloppen, så er det botnborda i båten som byrjar å losne. Å vere vertskommune for Firda Fysikalske er vinn – vinn

Firda Fysikalske er eit av flaggskipa til Gloppen, ei av dei aller mest robuste verksemdene. Dei har ei framtid så langt tanken kan rekke. Dedikerte spesialistar, i samarbeid med dei fremste fagmiljø her i landet og utanlands, er spydspissar i utviklinga. Sidan 2000 har Firda Fysikalske behandla 3600 (!) tilreisande pasientar.

Vi møter dei over alt i lokalmiljøet. Dei overnattar og handlar, dei skapar verdiar i bygda vår. Og ikkje minst: Dei reiser heim til alle krikar og krokar av landet og driv marknadsføring av Gloppen. Det er det ein kallar jungeltelegraf og gratis marknadsføring. Sjølvsagt har ein ikkje råd til å gje slepp på Firda Fysikalske.

På same tid sørvar Firda Fysikalske innbyggjarane i kommunen over all forventing. Er det nokon som ikkje har eit familiemedlem som har blitt behandla hos Firda Fysikalske? Er det nokon som har høyrt desse orda før: «Vi får det nok til, kan du kome 05.45, eller «eg må berre hive i meg ei skive først, kan du kome 12.10?» Her ryk både morgonstunder og matpausar.

Eg veit ikkje om nokon andre verksemder som strekker seg så langt for kundane sine som nettopp Firda Fysikalske. Vi er mange innbyggarar i Gloppen som har mykje å takke Kaale, Leirgul og Nesgård for, og vi kan ikkje finne oss i at denne verksemda blir borte. To ferjeturar og to halvtimar i bil er ikkje så mykje, vil enkelte hevde. For dårlege ryggar og låke kroppar er det meir enn langt nok, og fram til no har reisa vore heilt unødvendig.

Kaale uttaler til Firda og Firda Tidend at han no vil utvikle verksemda vidare, med utviding/utbygging av lokalitetar og fleire tilsette. Kompetansen og kundegrunnlaget har han. Det er opp til politikarane om ein skal bruke denne heilt unike verksemda i utviklinga av Gloppen, eller ta rennefart og skubbe den over fjorden. Er det nokon som ser politikarane i Eid vinke i det fjerne?

I årevis har Firda Fysikalske gått glipp av 2 x 37 000 per månad i tilskot frå kommunen, kan vi lese i avisene. Det er for behandlinga av pasientar frå Gloppen kommune. Dette vil seie om lag 900.000 kroner i året. Ein betydeleg sum både for bedrifta og kommunen.

For helsesjefen er det sjølvsagt vanskeleg å finne 74 000 i månaden i eit truleg skrapa budsjett. For politikarane er det nødvendig å endevende alle budsjett for å finne i underkant av ein million ekstra i året. Det er Kaale som sit med fire ess på hand og innbyggarane i kommunen på si side. Det er lett å forstå frustrasjonen hans. Det er eit urimeleg misforhold mellom den stønaden han får i dag, og den store verdiskapinga han syter for i kommunen.

Det simplaste politikarane kan gjere i denne situasjonen er å skubbe helsesjef og helsebudsjett framfor seg – og for fjerde gang seie at ein ikkje kan auke stønaden. Pengane må finnast. Det skal ikkje mange nytilsettingar og pasientar til for at skatteinntekter og andre ringverknader gjer at dette blir ei rimeleg, framtidsretta investering.

Eit stort ansvar kviler på kommunen i denne saka. Den har løyst ut eit kraftig engasjement, og den rører ved sjølve Gloppe-identiteten. For politikarane, sjølvsagt med ordføraren og det største partiet i spissen, er det berre å brette opp ermene og sette i gang. Berre ein ting er godt nok – at ein lukkast. Alt anna vil bli sett på som slett politisk handverk. Det har Gloppen ikkje råd til. Tyngdekrafta i favør Eid og Førde verkar allereie meir enn kva godt er.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags