Ungdom må få god psykisk helsehjelp

UNDERDEKNING: Kva planar har ordføraren for å kunne innfri ei eventuell underdekninga på psykisk helsehjelp for ungdomar i Gloppen kommune? spør kommunepolitikar Vidar Sandal.

UNDERDEKNING: Kva planar har ordføraren for å kunne innfri ei eventuell underdekninga på psykisk helsehjelp for ungdomar i Gloppen kommune? spør kommunepolitikar Vidar Sandal. Foto:

Av
DEL

LesarbrevUngdom i dag lever i ei tid med heilt andre utfordringar i kvardagen enn foreldregenerasjonen opplevde i sin ungdom.
Den psykiske helsetilstanden for ungdom er i dag sett meir søkelys på.

Oppfølging og hjelp er meir profesjonell og gjerne i eit betre fagleg utvikla system, slik at dei som treng nokon å prate med eller grundigare oppfølging skal kunne få det.

Terskelen for å søke hjelp skal vere låg og gjerne i ein bra tidleg fase, slik at ungdomen slepp å slite med større psykiske utfordringar over lenger tid før nødvendig hjelp og oppfølging vert tilbydd.

Det er nok ulike årsaker til at ein ser eit auka behov for psykisk helsehjelp til ungdom i dag. Gjerne ein meir ustabil og mindre trygg kvardag kor alt livsfokus og press kjem inn på skjermen og netthinna til alle tider av døgnet frå tidleg barnealder.

Gloppen kommune har i dag eit bra utvikla førstehjelpsnivå. Vi registrerer eit auka behov som etter kvart krev større ressursar.
Gloppen kommune har i dag mange gode fagpersonar som det skal vere lett å ta kontakt med om behovet melder seg for den enkelte ungdom.

Det er samtidig ei oppfølging i dag på Firda vidaregåande som er god å ha også for dei mange unge som bur på hybel mens dei går på Firda.

Logoen til Verdensdagen for psykisk helse 2020.

Logoen til Verdensdagen for psykisk helse 2020. Foto:

For snart 2 år sidan inngjekk Gloppen kommune eit samarbeid med nabokommunane i Nordfjord. Dette for å skape eit breiare fagmiljø og det skulle verte lettare å få fagpersonar til å søke på dei 2,5 stillingane som Psykolog. Dette viser seg i dag å ikkje slå til!
Det er i dag berre 1 person att av desse 3 heiltids stillingane. Dette er særs utilfredsstillande og må gjerast noko med for å stette kravet til vidare psykisk helsehjelp for ungdom i Gloppen kommune.

Underteikna ønskjer å sette søkelyset på denne utfordringa og stiller dermed ordføraren i Gloppen, Leidulf Gloppestad eit grunngjeve spørsmål i Kommunestyremøtet komande onsdag den 18. desember. Grunngjeve spørsmål til ordførar kring psykisk helsehjelp til ungdomar i Gloppen kommune:

Viser til tidlegare diskusjon og sak i Gloppen kommunestyre då vi i februar 2018 vedtok å inngå eit interkommunalt samarbeid innan psykisk helsehjelp for ungdom i Nordfjord. Det vart vedteke å lyse ut 2,5 stillingar som fast stilling som psykolog. Det interkommunale samarbeidet skulle omfatte kommunane Eid, Stryn, Bremanger, Selje og Gloppen.

Eit ledd i reforma om å samarbeide tettare med nabokommunane for å skape eit større og såkalla meir robust fagmiljø. Dette skulle føre til at det vart lettare å tilsetje fagpersonar som det elles var vanskeleg å rekruttere åleine, i mellomstore kommunar.

Avtalen gjekk ut på å etablere ein base med fagmiljø på Nordfjordeid som skulle bidra til konsultasjonar ute i medlemskommunane etter behov. Desse stillingane skulle gjerne dekkast opp økonomisk nasjonalt fram til 01.01. 2020.

Erfaringa viser at intensjonane om at større fagmiljø skulle føre til at ein då lettare skulle rekruttere til desse stillingane, ikkje har innfridd. Vi har i denne perioden gjerne ikkje greidd å fylle meir enn 1 av desse 2,5 stillingane.

Statistikken viser at ungdomar med aukande psykiske helseutfordringar har auka vesentlege Gloppen kommune. Dette har resultert i eit vesentleg aukande behov for oppfølging siste åra.

Ungdom med denne type helseutfordringar er ikkje dei som gjerne står først i demonstrasjonstoget når tenester vert kravd løfta opp på prioriteringslista til å innfri tilfredsstillande helsehjelp.

Ordførar: Kva er status i denne saka i dag i og med at vi i eit kommunalt fellesskap med å samle tenestetilbodet med psykisk helsehjelp, ikkje har greidd å innfri intensjonane med samarbeidet?

Kva slags utfordringar har denne underbemanninga ført til for ungdom i Gloppen kommune?

Kva planar har ordføraren for å kunne innfri ei eventuell underdekninga på psykisk helsehjelp for ungdomar i Gloppen kommune?

Korleis meiner ordføraren vi skal løyse denne utfordringa for å gje ungdom ei helsehjelp som er for mange heilt grunnleggande for å kome seg vidare i liva sine?

Kva vil ei deltaking koste Gloppen kommune for budsjettåret 2020 og er desse midlane lagt inn i driftsbudsjettet for oppvekstutvalet som, er utvalet for denne tenesta?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags