Bak kvar stjerne står eit menneske som bryr seg

OMSORG: Den beste gåva du kan gje til jul, er å gje litt uventa omsorg til dei som sannsynligvis treng deg meir enn du veit.

OMSORG: Den beste gåva du kan gje til jul, er å gje litt uventa omsorg til dei som sannsynligvis treng deg meir enn du veit. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev«Uventa omsorg er det finaste eg veit», seier Irene. For to år sidan var ho kreftsjuk og måtte tilbringe store delar av desember på Haukeland sjukehus. Ho hadde fått kreft med lokal spreiing.

Irene gjekk gjennom ein stor operasjon og i førjulstida var ho innlagd på sjukehuset. Jula vart ikkje slik som vanleg, med cellegiftkur og kjensla av å vere mykje uvel. Men ho seier: «Dei rundt oss ble redningen då vi kjente vi var i ferd med å synke. Hjelpa og omsorga frå andre har betydd meir enn dei alle kan førestille seg. Eg er evig takknemleg.»

Dessverre er det mange som har det slik. Medan dei fleste no tel ned til ei tradisjonsrik feiring med familie og vener, er det andre som gruar seg til jul. For dei som får ein kreftdiagnose blir kvardagen snudd på hovudet og livet blir kanskje aldri det same.

Uansett om du skal bu jula på sjukehus eller heime, skal ein sleppe å kjenne seg åleine.

Den viktigaste julegåva vi kan gje er å vise at vi bryr oss om dei som har det vanskeleg, seier Irene, som i dag er kreftfri. Heldigvis er det mange måtar å gjere det på. Vi kan til dømes gje av tida vår. Ta opp telefonen, dra på heimebesøk eller hjelpe til med julevask eller handling av gåver. Vi kan engasjere oss som frivillig. Gje pengar til ein velgjerande organisasjon. Eller vi kan sende ei stjerne til nokon som må bu jula på sjukehus.

Dette siste er det mange som vel å gjere. Ei stjerne i vindauget tryllar ikkje vekk kreft. Den fjernar ikkje alt som er vondt og vanskeleg. Men for den som ligg i sjukehussenga, er stjerna eit lite lys i mørket som minner deg om at du ikkje er åleine, fortel Irene av erfaring. «Det er mange som tenker på deg», står det på stjerna.

Nokon får glede av stjerna, og den kan gje håp, julestemning og trøyst i ei vanskeleg tid. Pengane vi samlar inn går til forsking som kan redde liv. For seks år sidan var 19 sjukehus med på Kreftforeningen sin julestjerneaksjon og det blei hengt opp nesten 500 stjerner. Denne jula skal rekordmange 100 sjukehus og sjukeheimar delta, og vi har eit mål om at 15.000 stjerner skal lyse opp i vindauge og korridorar over heile landet.

Det er gledeleg å sjå at så mange ønsker å bidra, men vi kan ikkje gje oss der. Kvart år rammast om lag 34.000 personar av kreft i Noreg. Ein del av desse må gjennom tøff kreftbehandling i jula. Dei ofte lange og avanserte kreftbehandlingane tar aldri ferie.

Vi trur som Irene at mange kjenner det er vanskeleg å vite kva ein burde gjere for den som er alvorleg sjuk eller ein som har mista nokon. Det er uansett betre å seie eller gjere noko, enn ingenting. Den beste gåva du kan gje til jul, er å gje litt uventa omsorg til dei som sannsynlegvis treng deg meir enn du veit.

Å gje vekk ei stjerne har blitt ein ny juletradisjon – som bidreg til håp og glede for medmenneske som har det vanskeleg. No ønsker vi at enda fleire engasjerer seg.

I år skal Irene feire jula heime, og det er hennar tur å sende ei stjerne. Ho seier: «for den som ligg i sjukehussenga, er stjerna eit lite lys i mørkret som minner deg om at du ikkje er åleine. Bak kvar stjerne står nokon som tenkjer på deg».


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags