Skal vi kvi oss for å ta kontakt med lege?

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevEg vert litt i stuss over førstesideoppslaget i Firda 2. februar der kommuneoverlege Øystein Fumes uttalar seg. Samtidig er eg klar over at terskelen er ulik i befolkninga.

Her er utklipp frå oppslaget:
«- Meiner du det er negativt at bilfunn vert undersøkt vidare? Kva om det faktisk viser seg å vere noko alvorleg?

– Det er utruleg sjeldan at ein til dømes finn vondarta kreft så tilfeldig. Generelt bør ein undersøke symptoma som er der, og ta omsyn til det. Tek ein mange generelle prøver kan ein ofte avdekke små variasjonar som ligg like utanfor det som vert definert som normalt, men som ikkje nødvendigvis er unormalt for den personen. Likevel må ein gå vidare med funna når dei først er oppdaga. Ei undersøking kan da produsere mange fleire undersøkingar, og i verste fall kan ein faktisk bli skada av alle utgreiingane.»

Det er vel viktig a vere førebyggande innanfor helsevesenet. Ein av dei mest utbreidde sjukdommane er kreft. Slik eg har erfart er det viktig at den vert oppdaga på eit tidleg tidspunkt for å hellbrede eller stagnere sjukdommen. For kvinner er det gjennomført innkalling for kontroll når det gjeld brystkreft og livmorhalskreft. For menn er prostatakreft den mest utbreidde. Forsking har synt at den i mange tilfelle er arveleg.

Eg er i ein familie der dette er tilfelle. Sjølv vart eg opererte for prostatakreft for vel 3 ar sidan. Frå eg var femti har eg gått til fastlege for a ta PSA prøve. Har heile tida folt meg frisk, men denne årlege prøven gav meg ein kontrollfølelse av svara på prøvane. Kunne eg bli kreftramma slik far min blei. Siste levetida hans var ei vond tid for heile familien.

Når verdiane mine av desse PSA prøvane tok til a stige etter 6–7 år sakte men jamt vart det teke prøvar oftare og så var tida kommen for a ta vevs prøvar for å sjå om det var godarta eller vondarta svulst. Dessverre var det vondarta så operasjon måtte til. Pr. no, etter vel 3 år, er eg erklært frisk og er i full jobb. Eg er ikkje noko belastning for helsevesenet. Nokre bi verknader føl med dei skal er klare å leve greitt med.

Kva om eg ikkje hadde gått til fastlege for å ta desse prøvane, følte meg frisk og ante fred og ingen fare? Brått hadde kreften ramma og det var komme sa langt at det ikkje kunne hellbredast og eg vart ein pasient for helsevesenet og ei påkjenning for nærmaste familie. Er det slik det skal vere.

Kva av desse vegvala ville Fumes ta som privatperson?

Eg vil påstå at der må leggast opp til innkalling til slike prøvar for å ha kontroll med utviklinga for å få påvist prostatakreft frå vi menn fyller 50 år. Det vil på sikt gi ein samfunns messig gevinst og gi mange ein betre livskvalitet.

Eg tek kontakt med legen når eg føler trong for det, men ikkje i tide og utide.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags