Prehospitalt paradoks i Helse Førde

BEREDSKAP: Fjerning av ambulansen i Lavik vil ved mest alle høve svekke ambulanseberedskapen i heile regionen om det skal bøtast på med flåtestyring. I størst grad gjeld dette Hyllestad og ytre og søre del av Høyanger kommune, skriv artikkelforfattaren.

BEREDSKAP: Fjerning av ambulansen i Lavik vil ved mest alle høve svekke ambulanseberedskapen i heile regionen om det skal bøtast på med flåtestyring. I størst grad gjeld dette Hyllestad og ytre og søre del av Høyanger kommune, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevGjennom fleire artiklar i avisa Firda no i oktober står det om planar for korleis Helse Førde skal fornye bygningsmassen sin. Vedtaket om fornying for 1,6 mrd. vart gjort av styret i oktober i fjor.

Bygginga skal skje over ein periode på åtte år, og store delar av kostnaden må takast over driftsbudsjetta. Det seier seg sjølv at det vil få følger for kjerneverksemdene til Helse Førde.

I Firda den 19. oktober kjem det fram at administrerande direktør Arve Varden vil endre opphavleg plan. I staden for å ruste opp hovudblokka vil han heller byggje ny hovudblokk i form av fem fulle etasjar oppå det nye Livabygget. Grunngjevinga er at dette vert billegare.

Den gamle hovudblokka på over 7000 kvadratmeter blir med denne løysinga då ståande tom til arealet ein gong er finansiert ombygd til anna bruk.

Styret handsama endra plan i veke 44/19 og gav grønt lys for å greie ut alternativ med heilt ny hovudblokk. Styret tek endeleg avgjerd i januar 2020. Deretter skal Helse Vest ha siste ordet.

I mellomtida har mange andre i fylket vore opptekne med prehospital plan. Planen tilrår i grove trekk fjerning av ambulansane i Bremanger og i Lavik. For alle andre område vert beredskapen uendra eller tenkt styrka.

I kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Balestrand har ein vore ekstra oppteken av planen.

Fjerning av ambulansen i Lavik vil ved mest alle høve svekke ambulanseberedskapen i heile regionen om det skal bøtast på med flåtestyring. I størst grad gjeld dette Hyllestad og ytre og søre del av Høyanger kommune.

Det vil føre til at dei som frå før har lengst veg til sjukehuset også må vente lengst på ambulansen før den kjem. Her innfører Helse Førde ein uforklarleg B-beredskap som vil ramme ein heil region.

Flåtestyring gjev berre meining om ein har ledige einingar å styre/fordele. Sjølv med alle dei resterande ambulansane i regionen ledige, er generell beredskap svekka.

Det skal ikkje meir til på dagtid enn at eine ambulansen i Fjaler og eine i Høyanger er på oppdrag før AMK får problem med flåtestyringa mot Hyllestad/Lavik utan å svekke resterande ambulanseberedskap for Askvoll og Balestrand. Då er legelinken til Balestrand medrekna. På kveld/natt blir same situasjon enno vanskelegare. Pr. i dag er det like vanleg at det er Lavik-ambulansen som må assistere.

Lesarbrevet til direktør Tom Guldhav er i så måte litt vanskeleg å forstå. Han spør i overskrifta «kvar er ambulansen» før han sjølv svarar at den er «der den trengst mest». Resten av lesarbrevet går ut på å forklare kvifor denne staden ikkje er i Hyllestad/Lavik, og argumentere for at det er fornuftig å fjerne akkurat denne ambulansen.

Guldhav låner også ordbruk frå politireforma. Det er ingen god terminologi for akuttberedskap og responstid; jf. ambulansane skal «ikkje stå i garasjen» men «være ute på vegane». Dette er eit ikkje-argument. Sjølvsagt er ambulanse i oppdrag ute på vegane og sjølvsagt blir basedrift og stasjonering viktige også i framtida. Kvifor er elles betre kasernering for alle ambulansane eit kostbart hovudgrep i planen?

Fleire har viktige samfunnsoppdrag i denne saka. Styret i Helse Førde har også det. Vi skjønar at det er mange omsyn å ta i så måte. Nedlegging av ambulansen for Hyllestad/Lavik er uansett ikkje noko godt grep. Set ein det opp mot 1.6 mrd. og potensial for tusenvis av kvadratmeter tomme/ubrukte sjukehuslokale, blir paradokset stort.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags