Helse handlar om menneske, ikkje byråkrati

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Kjære Helse Førde. Eg reknar ikkje med de nokon gong les kva eg skriv her, men eg vel å ta sjansen og fortelje dykk kva eg tenker. Så håpar eg at ingen vert støtt av det eg skriv.

DEL

MeiningarDen dagen eg kom inn på sjukepleia i Førde vart eg overlykkeleg. Eg pakka alt eg hadde og reiste frå Stockholm der eg budde, og kom hit til Førde der eg berre kjente 2 søskenbarn og deira familiar. Som sjukepleiar sa alle at då er ein sikra jobb, folk vert stadig eldre, og nye behandlingsmetodar og medisinar veks stadig fram. Det er eit sikkert og givande yrke.

Eg elskar å jobbe med menneske. Jobben som sjukepleiar er ufatteleg givande. Vi får oppleve glede, sorg og tap. Vi får gje omsorg, trøyst, pleie og vi får møte menneske i alle aldrar og frå alle samfunnslag. Vi får høyre på historier frå ei svunnen tid. Vi lærer kvar dag. Vi har vakter som er så travle at vi ikkje rekk verken å ete eller gå på do, vakter der vi er så utsliten at vi sit i bilen og grin når vi er ferdige. Fordi vi ikkje har fått gitt den pleia vi er lært vi skal gi, som vi ønsker å gi og som pasientane treng at vi gir. Vakter der pasientar vert akutt dårlege og vår spesialkunnskap fangar det opp tidleg, slik at det går bra likevel. For kvar diagnose har sine observasjonar og tiltak. Og det finnast uendeleg mange diagnosar. men for kvart år på same avdeling så veks kunnskapen i takt med praksisen, og vi vert litt tryggare som sjukepleiarar.

På vår avdeling har vi gastro, urologi, kar, mammae, plastikk, øyre, nase, hals og auge. Og det er hovuddiagnosane, i tillegg har eit fleirtal av pasientane våre hjarte/lunge/revma/cerebrale diagnosar. Å sjå alle diagnosar og bidiagnosar i samanheng er ikkje gjort på 3 år på skulebenken, heller ikkje over natta etter enda utdanning. Ein vert aldri ferdig utlært, men for kvar dag så ser vi litt meir, og vi får ein ekstra knagg til å henge kunnskapen på.

Vi har eit fellesskap og eit samhald kollegialt som er uvurderleg. Vi brenn for yrket vårt, vi er stolte, og vi er heldige som har det yrket vi har. Vi møter liv, og vi møter død. Vi tek med oss jobben heim, ikkje fysisk, men når ein jobbar med menneske så gjer det noko med ein. Det set spor. Alle skjebnar, alle historier, alle samtaler.

Vi jobbar jul, nyttår, påske. Vi jobbar helgar og i feriar. Vi jobbar dag, kveld og natt. Ein blir samansveisa av slikt. Vi vert ein familie. Vi gjer kvarandre gåver julaftan, vi støtter og trøyster kvarandre på tunge dagar og vi gler oss med kvarandre på gode. Vi står krokbøygde og delvis opp ned på små sjukehustoalett for å hjelpe pasientar som treng det. Vi tek på oss støvlar og plastforkle og hjelper pasientar i små sjukehusdusjar med minimal varme og ventilasjon. Vi løftar, flytter, snur, rettleier, ler, grin, spring, og vi ELSKAR jobben vår.

Vi er vel også den einaste gruppa på sjukehuset med ulønt pause på dagvakt. Eg har ikkje tal på kor mange gonger vi ikkje har tatt pause, eller berre tatt 5 minutt. For vi sit ikkje å et maten vår dersom nokon treng oss. Anten dei treng følge på do, bekken i seng, smertestillande, kvalmestillande, eller berre ei hand å halde i. Vi vel å sette pasientane først. For vi kan gå heim etter enda arbeidsdag, vi er friske, vi klarar oss. Det er greitt.

Det eg ikkje forstår, er kvifor administrasjonen har betalt matpause, i desse sparetider. Det går vel ca. 10 mill. i året i betalt matpause til administrasjonen. Jau då, eg veit dei har ei avtale om betalt matpause som visstnok er urokkeleg og som vi ikkje skal nemne. Så då seier eg ikkje så mykje meir om det, anna enn det som står mellom linjene her.

Det eg derimot vil seie noko om, er at eg er skuffa. Eg er skikkeleg skuffa Helse Førde. Ikkje over oversjukepleiaren og avdelingssjefen, men leiinga derifrå og heilt opp. Eg har jobba i England, på Malta og i Sverige, og ALDRI følt meg meir verdilaus enn det de har fått meg til å føle. Våre nære leiarar står opp for oss og kjempar for oss. Dei ser verdien i kvar einskild av oss. Dei støttar, tek oss med i debatten rundt uroa i Helse Førde. Dei er synlege. Utan dei hadde eg sett meg om etter ein anna jobb. For eg er utruleg lei, og lei meg. Eg kan vere så ærleg å seie at å skrive dette også har fått fram tårer. For det er ikkje greitt å føle seg usynleg og verdilaus.

Eg les og høyrer i media at det er sjukepleiargruppene som skal flyttast og bytast og kuttast. Vi skal jobbe på langs og på tvers, vi skal hoppe når det vert sagt hopp. Eg har aldri følt meg dårlegare vareteken av ei toppleiing.

Det eg les av det dei skriv, er at mi utdanning, min erfaringsbaserte kunnskap, min innsats, mitt hjarte som brenn for den pasientgruppa eg har jobba med sidan eg VALDE arbeidsplass i 2010 betyr null for leiinga. Eg KAN sjukepleie om dei pasientgruppene eg jobbar med. Eg føler meg trygg. Eg veit kva eg skal passe ekstra godt på. Ikkje minst er vi eit fagleg sterkt team fordi vi på avdelinga, legar, hjelpepleiarar og sjukepleiarar har jobba lenge saman.

På Malta kom direktøren i bedrifta som eg jobba i, ei multimillionbedrift dessutan med hundrevis av tilsette, kvar fredag ettermiddag og gav oss ei merksemd i vaktskiftet. Han prata med oss, lytta og tok ansvar for sine tilsette. Vi følte oss sett, og varetatt.

Kvar er ansvarskjensla dykkar til dei tilsette i den debatten om økonomien i Helse Førde som no pågår? Eg sit att med ei dårleg magekjensle på at leiinga set administrasjonen først, og vi sjukepleiarane på avdelingane aller sist.

Eg har full forståing for at vi må spare og tene meir. Så då vil eg til slutt be leiinga i Helse Førde om å huske kvifor DE valde den jobben de har, ansvaret de har ovanfor pasientane i Helse Førde sitt distrikt og innbyggarane øvrig, dei tilsette på ALLE nivå, og ikkje minst lytt til dei som er under dykk. Lytt til Nils Sletteskog og til Rune Larsen. Dei har vore lenge i systemet og har ein kunnskap større enn kva de får fram i all verdas prosjektgrupper og frå innleigde konsulentar og eigne seniorrådgjevarar.

Kjære norsk sjukepleiarforbund, kvar er dykk i det som skjer? Kvifor har det gått så langt at eg no sit med dette tunge grepet om hjartet utan at eg opplever at de har stått opp for oss? Som betalande medlem kjenner eg at eg er skuffa over dykk.

Helse handlar om menneske, ikkje byråkrati.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags