Mat og måltid for eldre?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDenne problematikken kjenner eg berre frå innsida etter at ein slektning av meg kom på skjerma avdeling ved Førde sjukeheim. Vi er relativt ofte på besøk, og vi har knapt fått sett oss ned før blide damer kjem med kaffi og litt å bite i. Måltida er lite å klage på, og einaste vi har bede personalet om å endre på, er å "mose" spesielt kjøtt i middagsretten for vår slektning som har dårlege tenner. No er tidspunkt for middag endra frå kl. 12.30 til kl. 15., og dermed vert kveldsmaten også lagt til seinare klokkeslett. Dette gjer at det ikkje vert så langt opphald mellom kveldsmåltid og frukost neste morgon. Prisverdig tiltak.

Om eg skulle vere så heldig å få plass på denne avdelinga når kravet melder seg, ville eg kjenne meg trygg og takksam.

To av pleierane kom på besøk med tre brukerar og plukka plommer i hagen vår på Hopland. Slektningen vår var med.Vel attende i Førde, laga dei plommesylte til brukerane. Kjempe-prosjekt som vart sett pris på.                     

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags