Kvart sekund tel

Av
DEL

LesarbrevI fleire år har Norsk nevrologisk foreining markert veke 47 som Hjerneveka. I denne veka er det spesiell fokus på hjernen og hjernesjukdom, mellom anna er det foredrag og anna informasjonsarbeid over store delar av landet.

Hjerneslag er ein av desse sjukdomstilstandane. Kvart år er det om lag 12.000 hjerneslag i Noreg, og er den hyppigaste årsaka til erverva funksjonshemming. Hjerneslag er dessverre også den tredje vanlegaste dødsårsaka her i landet.

LHL Hjerneslag Ung Nordvestlandet har sendt ei oppfordring til alle kommunar, vidaregåande skular, høgskular og eit tal bedrifter i Sogn og Fjordane om å setje Helsedirektoratets kampanjeplakat Prate, Smile, Løfte på informasjonstavler i Hjerneveka. Målet vårt er å bidra til at desse viktige hovudsymptoma blir kjent slik at hjerneslag vert oppdaga og rett behandling kan setjast i gang i tide!

At rett behandling i tide er ei god investering er utvilsamt!

I Noreg er det, ifølge statistikken, 50.000 menneske i alle aldrar som lever med gjennomgått hjerneslag. Kvar av desse har eit tal pårørande, kor mange som føler dei er råka av et hjerneslag er umogleg å seie – pårørande er meir enn ektefelle, barn, mor eller far, det kan vere venner, kollegaer eller naboar.

Konsekvensane av eit hjerneslag varierer, men det som er felles for alle tilfelle er at tapslista er stor, både for den slagramma og for dei pårørande: fysisk, sosialt, økonomisk, kognitivt……. det er berre å fylle ut!

Det er mogleg å gjere noko med dette! Det er derfor Helsedirektoratet i fleire år har gjennomført kampanjen Prate, Smile, Løfte som peiker på hovudsymptoma ved hjerneslag, og at når det er vanskeleg å Prate, Smile eller Løfte armane skal ein ringe 113. Kvart sekund tel.
Vert hjerneslaget oppdaga i tide og ein får behandling kan lista over konsekvensane gjerast kortare!

Om det plutseleg er vanskeleg å Prate, Smile eller Løfte armane. Det kan vere hjerneslag. Ring 113, kvart sekund tel!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags