Fryktar dårlegare barselomsorg

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevNorske Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane var samla til årsmøte i Florø 21.–22. april 2018. Årsmøtet vedtok samrøystes følgjande resolusjon:

Norske Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane etterlyser ein samla og gjennomgåande debatt om barselomsorg og om eit forsvarleg tilbod til alle kvinner og barn.

N.K.S. Sogn og Fjordane er uroa for at den historiske utviklinga med reduksjon i liggetid, på sikt vil føre til ei dårlegare barselomsorg for mor og barn. For 30 år sidan låg kvinnene i gjennomsnitt fem dagar på barselavdelinga, medan liggetida i dag er korta ned til få dagar.

I dag blir det planlagt nye sjukehus der mor og barn kan bli utskrivne 6–8 timar etter fødsel. Konsekvensane av dette kan bli at fleire risikoborn ikkje blir fanga opp, og at kvinner som treng hjelp til amming, ikkje får det. Dette aukar risikoen for fødselsdepresjon.

N.K.S. Sogn og Fjordane er uroa over at det er store kommunale skilnader på fødsel- og barseltilbodet. N.K.S. Sogn og Fjordane krev at redusert liggetid på sjukehus blir kombinert med ei offentleg utgreiing som kartlegg dagens situasjon, og som tek sikte på å identifisere og tette hol i tenestetilbodet i barselomsorga.

N.K.S. Sogn og Fjordane er også uroa over jordmormangelen i det norske helsevesenet. Kommune-Norge manglar mellom 600–700 årsverk, og sjukehusa har store utfordringar med å tilsetje nok jordmødrer i ein sektor som er dominert av brøkstillingar. Ressursmangelen fører til at retningslinjene i svangerskapsomsorga ikkje blir følgt opp.

Berre 20 % av barselkvinner får heimebesøk dei første dagane etter fødsel, og det blir varsla om fleire re-innleggingar av både mor og barn. Norske Kvinners Sanitetsforening Sogn og Fjordane krev at helsemyndigheitene prioriterer ei betre jordmordekning. Små brøkstillingar må bli auka slik at ein sikrar betre rekruttering, og at ein varetek og får ei auka kompetanseheving av eksisterande jordmødrer.

På vegner av nesten 1650 Sanitetskvinner i Sogn og Fjordane fordelt på 33 lokallag i 11 kommunar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags