Helse- og sosialfagutdanningar under press

Helse- og sosialfagutdanningar under press, skriv prodekan Anne-Grethe Naustdal frå Høgskulen på Vestlandet.

Helse- og sosialfagutdanningar under press, skriv prodekan Anne-Grethe Naustdal frå Høgskulen på Vestlandet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Helse- og sosialfagleg kompetanse er avgjerande viktig for eit fungerande velferdssamfunn, ikkje minst når kriser rammar som ved Covid 19- pandemien. Vårt samfunnsmandat innan utdanning er viktigare enn nokon gong! Vi vert utfordra i arbeidet med å klare å utdanne framtidig helse- og sosialpersonell under pandemien.

Avisa Firda skreiv fredag 6. november om sjukepleiarstudentar ved Campus Førde som ikkje ønskjer reise til campus for undervisning. Artikkelen blei publisert på ettermiddagen med eit førebels svar frå leiinga ved høgskulen. Eit klart og utfyllande svar blei publisert i ei ny sak same kveld etter at leiinga ved Høgskulen på Vestlandet hadde fått avklart og sett i verk nye smitteverntiltak i tråd med styresmaktene. Vi ser at det er krevjande for mange å stå i den situasjonen vi er i. Det er nye reglar og mykje informasjon å forhalde seg til og ein får ikkje svar på alt ein ønskjer fordi vi rett og slett ikkje har svara. Slik er det å vere i ei krise. Vi vil her søke å informere nærmare om korleis det vert jobba med utdanningsoppdraget under pandemien.

Vi arbeider som alle andre i dagens samfunn under usikre tilhøve, der situasjonen kring smitte er i stadig endring. Ved Høgskulen på Vestlandet er all fysisk undervisning gjort digital med bakgrunn i regjeringa sine nye korona-tiltak. Eit viktig unntak er helse- og sosialfaga der mykje ferdigheitstrening og simulering skjer på campus. Dette er undervisning som må gjennomførast før studentane kan gå ut i praksisstudiar. Pasient- og brukarsikkerheit må stå i høgsetet også under ein pandemi. Heldigvis kan vi framleis gjennomføre denne med vårt strenge smittevernregime. Det vil vere umogleg å klare å levere på samfunnsoppdraget vårt om all undervisning skal vere digital.

Til ei kvar tid utfordrar nye reglar oss i å kunne planlegge på kort og lang sikt. Høgskulen har fleire beredskapsmøte kvar veke og alltid rett i etterkant av pressekonferansar frå styremaktene. Vi har tett med møter med våre praksistilbydarar i helseføretak og kommunar. Dette for å løyse utfordringar med praksisstudiar under pandemien for våre nær 5000 helse- og sosialfaglege studentar på Vestlandet. I mars når alt vart stengd ned hadde vi 38 ulike praksisstudiar undervegs. Med heimel i midlertidig forskrift kunne vi utvikle alternativ og kvalitetssikra løysingar for planlagd praksis for alle studentane. Slik oppnådde studentane læringsutbyte og progresjon. Praksis i helse- og sosialfaglege utdanningar blir framleis fortløpande påverka av pandemien. Dette skjer når praksisplassar blir stengt eller omorganisert, og gjennom ulike smitteverntiltak i ulike kommunar. Vi gjer tilpassingar innanfor det som er mogleg kvar dag. Vi ser at ein del studentar helst vil ha svar raskt, men vi må gjere faglege vurderingar og handtere alle våre studieprogram og studentar med ei heilskapleg tilnærming.

Det er krevjande tider. Men vi arbeider kvar dag for å tilby utdanningar av høg kvalitet og for at ingen vert forsinka i sine studiar under dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar. Samfunnet vil raskt få mangel på viktig kvalifisert personell innan velferdstenestene om vi ikkje klarar sikre studieprogresjonen til våre studentar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken