Helse og omsorg er verdiskaping

VERDISKAPING: Arbeid innan helse og omsorg må sjåast på som meir enn ein utgiftspost. Å arbeide innan dette feltet er arbeidsplassar og verdiskaping. Vi ønskjer alle at unge menneske vil busetje seg i Sunnfjord kommune, skriv artikkelforfattaren.

VERDISKAPING: Arbeid innan helse og omsorg må sjåast på som meir enn ein utgiftspost. Å arbeide innan dette feltet er arbeidsplassar og verdiskaping. Vi ønskjer alle at unge menneske vil busetje seg i Sunnfjord kommune, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevHelse og omsorg må sikrast forsvarlege rammer for drift i Sunnfjord kommune. Det meiner Rådet for eldre i kommunen.
Formannskapet i Sunnfjord kommune har drøfta ulike måtar å få budsjettet for Sunnfjord kommune i betre balanse. (Firda si e-avis 21.01.2020.) Der vert det mellom anna peika på innføring av tilsettingstopp og sparekrav til alle etatane.

Som forklaring på denne situasjonen vert nemnt harmonisering av løner, mindre inntektskatt enn forventa, og at ikkje kommunen har fått tilført statlege midlar som lova før gjennomføring av kommunereforma. I same artikkelen vert det skrive vidare: «I utgangspunktet skulle helse og omsorg få eit mindre kuttkrav enn dei andre einingane, fordi sektoren allereie driv effektivt samanlikna med samanliknbare kommunar. Dette kom fram av ei analyse gjennomført av Agenda Kaupang i fjor haust.»

Rådet for eldre i Sunnfjord meiner det er heilt feil å påføre helse- og omsorg endå fleire sparekrav. I orientering gitt til Rådet for eldre i møte før jul, kom det fram at Sunnfjord kommune nyttar mindre ressursar til helse og omsorg enn gjennomsnitt for kommunane. Om ein ser på utviklinga av alderssamansetjing i befolkninga, kjem ein endå dårlegare ut. Gruppa eldre, som også vil auke i tida framover, har mindre relative del av dei kommunale midlane, enn yngre aldersgrupper.

Per Kjelstad.

Per Kjelstad. Foto:

Reduserte rammer vil føre til redusert bemanning. Dette vil lett føre til dårlegare arbeidsmiljø og mindre kvalitet på tenestene, som i sin tur lett kan gje redusert livskvalitet til dei som treng tenestene. Arbeidsplassar med marginal bemanning kan lett oppleve svakare rekruttering, i ei tid vi heller treng auka satsing på rekruttering til yrke innan helse og omsorg.

Vi meiner at kommunen må arbeide meir offensivt i høve rammer til helse og omsorg.

Kommuneleiinga må arbeide alt dei kan for at dei midlane som var lova til kommunen i samband med kommunereforma, faktisk vert løyvde. Det er uhøyrt av regjeringa går frå lovnadane sine på denne måten.

Arbeid innan helse og omsorg må sjåast på som meir enn ein utgiftspost. Å arbeide innan dette feltet er arbeidsplassar og verdiskaping. Vi ønskjer alle at unge menneske vil busetje seg i Sunnfjord kommune. Stillingar innan helse- og omsorg kan vere noko som kan tiltrekke seg unge par i etableringsfasen. Desse igjen vil måtte ha husvære, handle varer, delta i kulturlivet, betale skatt til kommunen, osv.

Dei eldre er ei gruppe med mykje ressursar. At dei kan kjenne seg trygge på å få den hjelpa dei treng om og når dei har bruk for det, er ein verdi i seg sjølv. Dei fleste av dei er også framleis skattebetalarar og aktive i samfunnslivet. Det er viktig å respektere og å stelle vel med denne ressursen.

Denne fråsegna vart samrøystes vedteken på møte i Sunnfjord eldreråd 4. februar. Fråsegna vert oversend til formannskapet og kommunestyret i Sunnfjord kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags