Om tillit, vedtak og uro i Helse Førde

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevHelse Førde må gjennom omfattande omstillingar i næraste framtid. Det er eit arbeid som krev at heile organisasjonen er motivert til å trekke i same retning, og tillit til dei som leiar arbeidet er difor heilt sentralt. General H. Norman Schwarzkopf skal ha sagt: ”Leadership is a powerful mixture of strategy and trust. But if you have to get by without one of them, sacrifice strategy.”

Styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad, gjentek stadig at styret oppfattar biletet av mistillit til administrerande direktør, Jon Bolstad, som meir nyansert. Mykje bygger på ei støtteerklæring frå nokre leiarar i media. To av desse sit sjølv i føretaksleiinga, medan fleire har prosjektleiarstillingar og fleire takka ja til tilbod om klinikksjefstillingar i ny organisering, og ville såleis hatt personleg vinning av omorganiseringa. At det finst ulike syn er naturleg, men som Landstad og har peika på er tillit anten tilstade eller ikkje. Og no er den fråverande i store delar av organisasjonen. Så Agnes Landstad, kvar går grensa for kor stor del av tillit som trengst? Det burde vere heilt sjølvsagt for alle at ein må ha tillit i 100% av leiarlinjene om ein organisasjon skal fungere godt.

Ein av underskriverane på støttebrevet til Bolstad har sjølv vore med å skrive fordjupingsoppgåve om «Tillit i et ledelsesperspektiv». Der konkluderer ho med: «Å ha tillit er grunnleggande for å kunne vere ein god og effektiv leiar.» I oppgåva refererast det til ei bok om tillit i leiing (TRUST the best way to manage) av ein av de mest eminente forskarane på feltet, Reinhard K. Sprenger. Han seier mellom anna at tillit er det sterkaste grunnlag for tilsette sin motivasjon og tryggleik. Det er ein sentral faktor for å få organisasjonen til å fungere og eit uunnverlig element i omstillingsprosessar.

Organisasjonen har hatt tillit til at styret har kompetanse og vilje til å setje seg inn i situasjonen og ta rette val for føretaket. Den tilliten er svekka etter at styret valde å ikkje ta tillitskrisa på alvor. Tilliten til Landstad sjølv svekkast no av at ho i sitt lesarbrev i Firda gjev opplysningar som ikkje stemmer overeins med fakta. Når Landstad påstår at styret vedtok å sette i verk ei gransking på bakgrunn av kritikk frå organisasjonen etter omstillinga står det i direkte strid med det undersøkarane sjølv opplyser om. Dei skriv i sine merknader til styret: «Etter mandatet av 22.november 2016 gjaldt vårt oppdrag en faktaundersøkelse «i samband med varsel motteke frå [medarbeider] i føretaket».» Kritikken frå dei tillitsvalde skulle berre takast med som eit bi-moment «i vurderingen av varselet».

Det er og overraskande at Landstad no meiner at det ikkje er avdekka alvorlege feil i verken administrerande direktør eller styret si handsaming av saka. Styret har vore tydelege på at dei stogga omstillinga då dei oppfatta at det var eit feilgrep. Føretaket sine eigne juristar opplyste administrasjonen og styret om at omstillinga var ulovleg organisert. Til og med leiarane som støtta Bolstad meinte at omstillinga var ein alvorleg feil: «Etter vårt syn var det med god grunn at føretaksleiinga valde å skrinleggje omorganiseringsplanen. Vi må erkjenne at både tilsette, leiarar og tillitsvalde følte seg meir overkøyrde enn involverte då dette stod på.»

Styret har sjølv utvilsamt brote reglane som gjeld for styrearbeid når dei hindra dei tilsettvalde styremedlemmane i å delta når undersøkarane informerte styret om «faktaundersøkinga». Vi meiner difor at vedtaket frå styremøtet i januar, som Landstad visar til, ikkje har legitimitet ut frå krava i helseføretakslova. Det var bakgrunnen for dei alternative vedtaka som blei lagt fram for styret i styremøtet i april. Dei eigarutnemnde styremedlemmane valde då å sjå vekk frå sine eigne brot på instruks og stemte mot eit forslag som ville opna for å sjå nærare på styret si handsaming. Det er ikkje overraskande sett i lys av styreleiar sin instruks til styret kvelden før: «Eg ønskjer ikkje at styret skal drive revisjon av verken sitt eige arbeid, eller av administrerande direktør sitt arbeid».

Vi registrerar at administrerande direktør reagerer på pressemeldinga frå Legeforeninga etter styremøtet. Han etterlyser at Legeforeninga tek opp bakgrunnen for påstandane i pressemeldinga med leiinga. Vi er då usikre på om han har gløymt at eit 35 sider langt tilsvar med bakgrunn for påstandane nyleg har vore behandla av styret, og at han sjølv fekk det 24.mars. Dei tilsettvalde styremedlemmane fekk som kjend ikkje støtte av resten av styret i sitt ønskje om ei ny gransking av påstandane som vart framsett. Om administrerande direktør meiner at dette tilsvaret ikkje var ein forsvarleg måte å leggje fram Legeforeninga sitt syn på, og om han meiner at påstandane skulle ha vore granska nærare, må han ta det opp med styret.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags