Viktig vedtak for Førde Sentralsjukehus

Atle Hamar (V)

Atle Hamar (V) Foto:

Av
DEL

LesarbrevStyret i Helse Førde gjorde eit vedtak på siste møtet som sikrar modernisering og utvikling av spesialisthelsetenesta ved Førde Sentralsjukehus. Sjukehuset får ei nødvendig fornying og utviding med ein investerings- og arealplan som summerer seg til 1,6 milliard kroner. Dette vil betre og utvikle tenestene innanfor somatikken og psykiatrien, og samstundes sikre nytt og naudsynt medisinsk teknisk utstyr.

Særleg psykiatrien får no endeleg eit nytt bygg som tener dei kvalitetar og funksjonar psykiatritenesta skal ha. Det er også på tide at areal frå 70-talet både i høg- og lågblokka, får ei opprusting som tener dei kvalitetar og funksjonar somatikken skal ha.

Eg er klar over at dette også kan vere ei krevjande tid for alle som arbeider i ein ombyggings- og utbyggingsfase. Eg veit og at det har vore lagt ned betydeleg innsats frå alle tilsette i fleire år, i høve til at Helse Førde har gått bra økonomisk, og dermed sikra grunnlaget for at vi no løftar spesialisthelsetenesta inn i framtida. Eg er vidare ganske sikker på at dersom dette ikkje hadde blitt vedteke no, så vil vi heller ikkje vere rigga til å møte utviklinga innan dei ulike medisinske fagområda dei komande åra.

Nye behandlingsmåtar krev spesialisert kompetanse og utstyr, og det å ruste opp sjukehuset er viktig både for rekruttering av spesialistkompetanse, men også viktig for arbeidsmiljøet til alle tilsette. Korleis vil vi som pasientar og innbyggjarar merke alt dette? Først og fremst gjennom kvalitet på tenester og tryggleik for god pasientbehandling. Sentralsjukehuset er også den største arbeidsplassen i Sunnfjord, og av uvurderleg betydning for utvikling av regionen i åra framover.

«Det å ikkje modernisere, utvikle og investere i tenestene, er ikkje noko alternativ», sa eg på eit av mine siste styremøte i Helse Førde for om lag eit år sidan. Eg har ikkje skifta meining sidan den gong, og difor gler det meg mykje at Førde Sentralsjukehus no får ei heilt naudsynt opprusting.

Skal Helse Førde og Førde Sentralsjukehus styrke seg, så er det naudsynt med høg politisk innsats både av lokalpolitikarar, fylkespolitikarar og stortingspolitikarar. Vi må saman sikre at Helse Førde får dei rammene og ressursane som trengst i framtida.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags