Skandaletal om ulikskap i Helse Førde. Ope brev til Reidar Sandal frå ein poltisk ven

HANDLING: Johs B Thue håpar Reidar Sandal vil ta tak etter å ha lese dette brevet.

HANDLING: Johs B Thue håpar Reidar Sandal vil ta tak etter å ha lese dette brevet.

Av
DEL

MeiningarÅ skriva opne brev var ein del av den offentlege debatten tidlegare. Eg har lyst å prøva dette igjen og vender meg til deg, Reidar Sandal, som eg har arbeidd i lag med politisk, sjeldan vore usamd med, respektert deg, og ofte sett opp til deg for dei sentrale posisjonane du har nådd på riksplan. Du er enno aktiv politisk som styremedlem i Helse Førde. Eg vil ta opp ei sak, som handlar om den ulikskap som er i ferd med å bli ei nasjonal skam for det gamle likskapsfylket Sogn og Fjordane: Vi har fått dei siste tala som syner responstidene for ambulansane i fylket. Resultat: Førde 16 minutt, Balestrand 48 minutt. Saka er så bisarr at vi må stilla dette spørsmålet: Må ikkje dette få fylgjer for dei som har administrert og styrt den ambulanse-flåten som gjev desse skandale-tala?

Ordet skandale nyttar eg med tilvising til ei fersk melding til Stortinget og ein debatt i nasjonalforsamlinga om nye ulikskapar i Noreg. Responstid handlar om liv og død. Store skilnader i responstid er såleis kan henda den alvorlegaste ulikskapen vi finn i Noreg i dag. Ikkje noko parti i Stortinget vil at ulikskap skal auka. Ein kjem heller ikkje bort frå at i vårt fylke er styret i Helse Førde det politiske organet som bryr seg minst om likskap, som ignorerer avbøtande tiltak for å jamna ut, skapa meir likskap. Faktisk er det slik at å styra mot større ulikskap har vore ein bevisst og vilja strategi for styret i Helse Førde. Der i dette styret sit altså du, Reidar Sandal, saman med personar som utgjer ei utruleg skeivt samansett sosialgruppe. Vanlege folk, med sunt politisk bondevit, er ekskluderte for lenge sidan. Styret i Helse Førde er så elite-toppa at mange av medlemmene der aldri kan ha møtt ulikskap, verken personleg eller som politisk sak.

Etter mitt skjønn er du den einaste som kan gjera noko med dette skammas bilete av Sogn og Fjordane, saman med Randi Aven. Ulikskap er nemleg politikk, ofte bygd på ideologi. For å skjøna dette må dei som styrer ha folkelege ideologiske haldningar, ha innsyn i politiske prosessar gjennom politisk aktivitet og gjennom praktisk deltaking. Denne avgjerande dimensjonen vantar mange i styret i Helse Førde. Dei forstår rett og slett ikkje at ulikskap er konsekvens av politikk. Dei skjønar kan henda heller ikkje at vilja likesæle om responstid er eit alvorleg brot på politiske godord og lovnader, brot på eit saksfelt om ulikskap, som det er nasjonal semje om.

Ulikskap gjennom enorme skilnader i responstid er altså vilja politikk, hevdar eg. Grunngjevinga mi ser slik ut: Dei som har arbeidd med ambulanse-stoda i vårt fylke, har fått all den tid dei har bede om, fått studert alle tilgjengeleg tal. Dei fått drive sin filibuster-taktikk som det høvde dei, fått stadige utsetjingar av ein plan som aldri ser ut til å koma. Saka er så alvorleg i sitt innhald og i sin hjelpelause prosess at ho burde bli granska eksternt. Mange helseområde/institusjonar i landet blir no granska av eksterne aktørar. Slik ekstern gjennomgang er nødvendig også her, trur eg dei fleste vil hevda. Tenk gjennom om ikkje det lyt reisast eit slikt krav i denne saka, Reidar Sandal, i allianse med tillitsvalde i ambulansetenesta.

Og vi som sit midt oppe i dette, med ein epileptikar i tunet, får dyrka vår permanente angst for at ein ambulanse kan koma for seint. 48 minutt er nattelangt i krise. Det har skjedd i Balestrand før at hjelpa kom for seint. Ingen tok ansvar. I tillegg har vi elleve dryge mil til legevakt i Førde når det gode legekontoret vårt er stengt. Slik verkar den norske ulikskapen i året 2019, på sumaren. Denne ulikskapen vil ingen politikar ha, ingen politikar vedkjenna seg, bortesett frå det upolitiske styret i Helse Førde, som kan ta badeferie midt i ein fylkes- og kommunevalkamp. Dette styret er heva over politikken, over partia, over folket. Desse kjenneteikna kjenner vi som dei fremste innfor antidemokratiske rørsler. Dette er det fagleg semje om. Sjølve det nasjonale styringssystemet i helsesektoren sviktar, sviktar dei svakast. Difor er det utruleg at vårt parti held fast på dette systemet, i allianse med dei blåaste i landet. Ikkje rart at partiet brotnar saman i folkedjupna, og at dei som krev endring, vinn folket.

Etter tvang frå tre på parti på Stortinget, mot folkets vilje, leverer Balestrand kommune inn buet sitt ved årsslutt. Buet er plettfritt. Vi har vore herrar i eige hus i 170 år, klart oss sjølve, skapt ei svært triveleg kulturbygd å bu i, med variert næringsliv, gode skular, høgt velferdsnivå, låge avgifter, men blinde nedsablingskrefter, som styret i Helse Førde, rår vi ikkje med. Vi ber om hjelp. Vi er begge filologar, Reidar Sandal. Diktaren Rolf Jacobsen kjenner vi begge. I diktet «Stillheten efterpå» frå 1965 opnar han slik: «Prøv å bli ferdige nu med provokasjonene og salgsstatistikkene, søndagsfrokostene og forbrenningsovnene ...». Ja, prøv å bli ferdige med konklusjonen om dei prehospitale tenestene, krev ekstern prosessgransking, skjer gjennom, jamn ut ulikskapar. Rydd opp i likskapens heilage namn og ære! Å dyrka vilja ulikskap er ingen ærefull idrett. Ingen ærefull politikk i Noreg i 2019.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags