Har uroa i Helse Førde frå 2017 snudd?

KVALITET: Aud Viken er uroa for arbeidspress og kompetanse når Helse Førde kuttar i drifta. Samtidig blir det investert stort i nye Førde sjukehus.

KVALITET: Aud Viken er uroa for arbeidspress og kompetanse når Helse Førde kuttar i drifta. Samtidig blir det investert stort i nye Førde sjukehus. Foto:

Av
DEL

MeiningarI Firda 18. desember kan vi lese at pengekrisa i Helse Førde har snudd. Dette er vel og bra, og det er sjølvsagt viktig og oppgradere sjukehuset slik at det kan fungere godt også i framtida. Store investeringar skal skje i løpet av ein periode på 10 år. Neste år krev Helse Vest ei ytterlegare innsparing på minimum 36 millionar ifølge Firda.

Har uroa i Helse Førde frå 2017 snudd?

Det er sjølvsagt bra og tenke på at logistikk, bygning og lokale fungere, men ut frå storleik på investeringar og innsparingskrav vert eg uroa for pengebruken, og korleis ein kan ha økonomi til å behalde og rekruttere dyktige fagfolk.

Dyktige fagfolk er det viktigaste for kvaliteten på dei helsetenestene vi som innbyggjarar har krav på i vårt område, også etter vi vert ein del Vestland fylke. Arbeidsvilkår for tilsette betyr noko for folk flest, også for dei som arbeider i helsevesenet. Med færre tilsette og stadig mange og nye kompliserte oppgåver å løyse, vert krav om god kompetanse stadig viktigare. Slik eg ser det er arbeidsmengd og vaktbelastninga stor for fagfolka og dei som står nær, og er dei viktigaste for pasientane.

Som tidlegare tilsett i ulike funksjonar ved Førde Sentralsjukehus, og sist for år tilbake, som direktør ved Førde sentralsjukehus, bekymrar det meg dersom ein ikkje har nok fokus på rekruttering, kompetanse og levelege arbeidsvilkår for vere ein attraktiv og kompetent arbeidsgjevar.

Eg er rett som det er innom sjukehuset og ser at trykket på dei tilsette er stort. Vaktbelastninga på legar er stor, og personalet i avdelingane bevegar seg i høgt tempo. Tilsette er imøtekommande og dei bør verkeleg ha ros for å halde ut.

Vi bur i eit område som lett kan falle mellom to stolar i konkurranse om den viktige kompetansen eit godt drive sjukehus skal ha. Vi konkurrerer mot store, sterke fagmiljø ved dei større byane, og med universitet sjukehusa. Det skremmer meg at fokuset som regel er innsparing og høyrer sjeldnare nokon i leiinga kjempe for rekruttering og fagleg kvalitet.

Eg er skaka over at politikarane ikkje i større grad kjempar for kompetanse og fagleg innhald i eit Helse Førde som har viktige funksjonar rundt i vårt fylke. Er det nokon som kjempar for å behalde eit godt helsetilbod for oss som bur no i Sogn og Fjordane og som om kort tid vert ein del av nye Vestland fylke?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags