– Vi støttar den eksterne granskinga

Foto:

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

MeiningarDei føretakstillitsvalde i Helse Førde ynskjer å presisere at vi ikkje har kjennskap til varslarsaka og det brevet  som NRK omtalar 12.12.2016.

Føretakstillitsvalde frå ti fagforbund sendte 18. november eit brev til styret i Helse Førde. I brevet har vi bede styret om å vurdere om tilliten til leiinga i Helse Førde er solid nok til å møte dei utfordringar og endringar som kjem i tida framover.

Vi er glad for at styret har tatt tak i situasjonen gjennom å få på plass ekstern kompetanse til å handtere den vidare prosessen. Av omsyn til pasientar og pårørande meiner vi at eit stort fokus i media om saken ikkje vil vere bra. Vi ynskjer ikkje å spre unødig bekymring, hverken hjå brukarar eller tilsette.

Sjølv om det kan vere vanskelege tider, er vi er trygge på at alle medarbeidarar i Helse Førde er fagleg dyktige og profesjonelle nok til å gje pasientane våre trygg og god behandling. Vi er sikre på at kvalitetsarbeid og pasientsikkerheit vert ivareteke like godt som før. Vi er og trygge på at lokalsjukehusa opprettheld sin organisering, kvalitet og kompetanse vidare framover.

Vi støtter den eksterne granskinga som styret har iverksett, og trur at det som kjem fram der vil kunne gje grunnlag for betre samarbeid og tillit mellom partane i tida framover.

Fra føretakstillitsvalde i fagforbunda:

Delta, Fagforbundet, Yngre legers forening, Overlegeforeningen, Jordmorforeningen, Radiografforbundet, Utdanningsforbundet, Ergoterapiforbundet, Fysioterapiforbundet og Norsk sykepleierforbund

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags