Støabygget på sentralsjukehuset – er det eit naust?

MEINING: Kva som er meininga med namna å dei ulike bygga ved Førde sentralsjukehus, vil trenge ei slags Luthers forklaring, og likevel vere vanskeleg, skriv artikkelforfattaren.

MEINING: Kva som er meininga med namna å dei ulike bygga ved Førde sentralsjukehus, vil trenge ei slags Luthers forklaring, og likevel vere vanskeleg, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFor folk flest ville det nok vere til nytte og glede om Helse Førde søkte hjelp hos Norsk Språkråd for å få skikk på namnsettinga ved sentralsjukehuset. Den lista som Firda refererte, er ei forvirrande blanding av substantiv og verb som hovuddel av namna, og av skriveformer.

Kva som er meininga med namna, vil trenge ei slags Luthers forklaring, og likevel vere vanskeleg. Namna seier ingen ting om kva som kjenneteiknar bygningane, eller kva som går føre seg der inne. Er det meir hildring i eit av dei enn i andre?

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

Alle namna endar på -bygget, som etter rettskrivingsskikken er ordet for ein bygning som er under arbeid, eller som nett er ferdig. Ein bygning er eit stort hus som er i bruk. Skilnaden mellom bygg og bygning er nok i praksis meir flytande enn før. Men det ville neppe skade om ein statleg institusjon held seg til det som er rekna som rett. Ein annan ting er om -bygget trengst i namn på det som alle ser er ein bygning.

Vanskelegare er det med den konsekvente og forvirrande bruken av vokalen a til bindeledd mellom førestavinga og -bygget. Når kvinnenamnet Liv vert til Liva i Livabygget, liknar liva på eit verb som ikkje er kjent i norsk rettskriving. Evabygget kunne la seg forsvare, som Perstølen eller Persstølen. Kombinasjonen av Liv og bygget måtte kanskje bli Livsbygget, men då er meininga noko anna.

Å setje norrøne former som verbet daga inn i vår tids norsk, i Dagabygget, tek seg knapt ut for nokon. Det same med Angabygget, Hildrabygget og eit par til. Ordet daga, for dagast, har neppe nokon levande sett brukt. I Sunnfjord har vi heller ikkje a-ending i infinitiv av verb.

Angabygget er lett å tenkje må vere huset ved elva Anga, men det er altså ikkje tanken bak den syntetiske konstruksjonen. Hildrabygget kunne på våre kantar vore Hildrebygget, av verbet hildre – eit ord med fleire tydingar. Sameleis Farebygget i staden for Farabygget. Men kanskje ville pasientar nøle med å gå inn i eit sjukehus med varsel om at fare trugar?

Det finst noko som heiter Svaneapoteket, av fuglenamnet og apotek. Men vi har korkje substantiv eller verb som heiter svana i ubunden form. Svana er bunden form, eintal, av svane. Svanabygget er som å seie hundenbygget i staden for hundehuset. Med Vølabygget er det likeins. Om vøla er konstruert av verbet vøle (setje i stand), eller av substantivet vøle (stor mengd eller istandsetjing), måtte forma vere Vølebygget. Men gjev det noko meining?

Støabygget kunne kanskje, med meir enn rimeleg velvilje, vere namnet på eit naust. Ei stø er, i tillegg til mangt anna, ein plass i fjøra der ein kan dra opp båten.

I den syntetiske namnelista har Helse Førde konstruert ord som ligg heilt utanfor kjende og godkjende skrivemåtar, og med eit innhald som ikkje er til å fatte. Dei er meir for folkefliren enn for praktisk nytte.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags