Thue skyt over mål

SVAR: Reidar Sandal svarar på det opne brevet frå Johs B. Thue. Sandal kjenner seg ikkje att i Thue si skildring av arbeidet med ambulansetenesta.

SVAR: Reidar Sandal svarar på det opne brevet frå Johs B. Thue. Sandal kjenner seg ikkje att i Thue si skildring av arbeidet med ambulansetenesta. Foto:

DEL

MeiningarJohs. B. Thue sender eit ope brev til meg som styremedlem i Helse Førde. Han gjer det gjennom fleire aviser. Oppslaget har følgande overskrift: «Skandaletal om ulikskap i Helse Førde».

I brevet ytrar Thue seg klart negativt om styringssystemet i helsestellet, han er misnøgd med helsepolitikken til Arbeidarpartiet, han angrip tvangssamanslåing av kommunar, og han kjem med fleire negative og til dels nedlatande karakteristikkar av styremedlemmer i Helse Førde. Eg lèt desse ytringane ligge og konsentrerer meg heller om å kommentere saka om ambulansetenesta, som vel er hovudpoenget med brevet.

Bildet som Thue teiknar av styret i Helse Førde, kjenner eg meg på ingen måte igjen i. Eg meiner det blir arbeidd målbevisst for å skape best moglege helsetenester for pasientane i Sogn og Fjordane ut frå dei ressursane vi får stilt til disposisjon. Det er Stortinget som fastset dei økonomiske rammene for dei statlege helsetenestene i landet vårt. Helse Vest fordeler midlane til dei lokale føretaka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Rammevilkåra og føringane frå overordna organ må vi rette oss etter.

Thue viser til responstidene for ambulansane i Sogn og Fjordane og uttaler at den ulikskapen som ein finn der, er « ... i ferd med å bli ei nasjonal skam for det gamle likskapsfylket Sogn og Fjordane». Han peiker på at responstida i Førde er 16 minutt, i Balestrand 48 minutt. Det er forskjellar på kor lang tid det tek før ambulansen kjem fram til pasientane. I vårt store og spreiddbygde fylke har det vore og vil bli slik. Målet må vere at den såkalla responstida skal vere kort og fagleg forsvarleg.

I Helse Førde er ein no i sluttfasen med arbeidet med å lage ein ny ambulanseplan. Styret har lagt vekt på at planen skal sette søkelys på kvaliteten på tenesta, arbeidstidsordningar for dei tilsette og den teknologiske utviklinga. Dessutan skal ein sjå fylket under eitt. I utgangspunktet skal ein legge til grunn inntektsføresetnadene som no gjeld. Det er altså inga spareplan styret har tinga.

Ambulansetenesta er ein del av den samla aktiviteten i Helse Førde. Dersom ein aukar den økonomiske ramma for denne tenesta med f.eks. 20 prosent, må det finansierast ved ein tilsvarande reduksjon av aktiviteten i psykisk helsevern eller ved medisinsk eller kirurgisk klinikk. Denne avveginga er det styret si oppgåve å ta. Det blir gjort når vi endeleg konkluderer i saka seinare i år.

Thue uttaler at «Ulikskap gjennom enorme skilnader i responstid er altså vilja politikk, …». Eg har aldri vore med på noko vedtak i helseføretaket som blir ramma av karakteristikken til Thue. I tida som kjem, vil eg arbeide for å finne ei balansert løysing mellom tenester som skal utførast på sjukehus og i ambulansetenesta. Desse aktivitetane heng nemleg sterkt saman. Dei skal finansierast av den same pengesekken.

Det har vore ein omfattande prosess med å utarbeide ein ny ambulanseplan. Ei prosjektgruppe har arbeidd grundig med saka over tid. Den er i tillegg til prosjektleiaren som er direktør for kirurgisk klinikk, samansett av ein sentral aktør frå KS, fem ressurspersonar frå kommunar i ulike delar av fylket og ein representant for brukarutvalet. Dei skal ha sine to siste møte i slutten av august og midten av september.

Som ein del av analysearbeidet har det vore halde samhandlingsmøte med KS, koordineringsrådet, ordførarane i Sogn og Fjordane, fylkesmannen, kommuneoverlegane, regionråda i HAFS, i Sogn og i Nordfjord og legevaktpiloten for Sogn og Fjordane. Alle desse har fått komme med sine innspel til prosjektgruppa for ambulansetenesta.

Thue ber om at eg krev ekstern gransking av arbeidet med ambulanseplanen. Det vil eg sjølvsagt ikkje gjere. At ein så velorientert person som Johs. B. Thue krev eit slikt tiltak like før prosjektgruppa har fått presentert si tilråding, og nokre få månader før styret i Helse Førde konkluderer i saka, er overraskande, for å bruke eit diplomatisk uttrykk. Prosjektgruppa må få lagt fram arbeidet sitt. Så får høyringsinstansane ytre seg. Eg vil ta med meg alle desse vurderingane før eg konkluderer i styremøtet i haust.

I fleire tiår har eg hatt gleda av å lytte til og lese treffsikre analysar frå Johs. B. Thue om ulike tema. Denne gongen meiner eg at han skyt over mål, dessverre.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags