... og kvar trengst ambulansen mest?

TILRÅDD FJERNA: I utkast til prehospital plan blir døgnbilen i Lavik tilrådd fjerna og erstatta av flåtestyring av ressursar frå høvesvis Dale og Høyanger. Denne tilrådinga uroar meg av fleire årsaker. Den mest openbare årsaka er responstid, skriv artikkelforfattaren..

TILRÅDD FJERNA: I utkast til prehospital plan blir døgnbilen i Lavik tilrådd fjerna og erstatta av flåtestyring av ressursar frå høvesvis Dale og Høyanger. Denne tilrådinga uroar meg av fleire årsaker. Den mest openbare årsaka er responstid, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKva skal ein eigentleg svare på eit slikt spørsmål? Det er etter at Tom Guldhav, direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, skriv eit lesarbrev i Firda med tittelen «Kvar er ambulansen? Der den trengst mest», eg stiller meg desse spørsmåla. Skal ein verkeleg setje verdien av folk sine liv opp mot kvarandre og gjere ei avveging på om det er eg eller du som treng ambulansen mest?

Eg er lavikdaling. Eg bur der ikkje lenger, men eg besøkjer heimbygda mi Lavikdalen så ofte eg kan. Eg har nær familie, slekt og vener i områda der. Eg ferdast der. Det er mange som ferdast der. Lavik-området er eit område der folk bur og ferdast.

Helse Førde har utarbeidd eit utkast til prehospital plan. Målet med planen er «Å sikre innbyggjarane i Sogn og Fjordane gode prehospitale tenester». I utkastet blir døgnbilen i Lavik tilrådd fjerna og erstatta av flåtestyring av ressursar frå høvesvis Dale og Høyanger. Denne tilrådinga uroar meg av fleire årsaker. Den mest openberre årsaka er responstid. I utkastet blir det slått fast at «det ikkje er realistisk, sjølv med vesentleg større ressursbruk enn i dag, å kunne nå alle innbyggjarar innan dei rettleiande responstidene». Seinare i utkastet blir det skrive at «Nære tenester og kort responstid er ein viktig kvalitetsindikator». Dersom ein beheld dagens situasjon med døgnbil i Lavik, vil dei fleste i området vere innanfor dei rettleiande responstidene. Her vil det altså ikkje vere snakk om ein vesentleg større ressursbruk, men lik ressursbruk. Dersom utfallet blir som tilrådingane og Helse Førde tek vekk døgnbilen i Lavik, vil responstida bli meir enn dobla, og den viktigaste tryggleiken i mange sitt liv forsvinn.

Det vert også peika på ei avveging mellom «å sikre kapasitet der folk bur og ferdast, opp mot å etablere beredskap i område med lågt og fallande folketal». Folk bur og ferdast òg i Lavik-området. Det finst allereie ein ambulansestasjon i Lavik, dermed er det ikkje snakk om å etablere beredskap der, men å halde fram med det ein har. Kanskje er folketalet lågt og fallande, men folk er framleis der og trafikken langs E39 vil truleg ikkje bli mindre i åra framover. Gløym heller ikkje Havyard Leirvik, med alle som arbeider der, i tillegg til all trafikken som eit slik skipsverft medfører. Skal dei som bur og jobbar, og me som ferdast i området, bli fråtekne dei same rettane som resten av befolkninga fordi me er for få? Korleis kan dette kallast ei sikring av gode prehospitale tenester?

Det var onsdag 30. oktober at Tom Guldhav si forsvaring av tilrådingane i den prehospitale planen vart publisert i avisa, der avviklinga av ambulansen i Lavik vart framheva. Det er for meg eit stort paradoks at dette lesarbrevet kjem nøyaktig ei veke etter den tragiske trafikkulykka på E39 ved Norevikane – ei ulykke der Lavik-ambulansen var først på staden.

Kjære Guldhav, når du først tek opp at ambulansen skal vere der den trengst mest, kan du verkeleg meine at ambulansen ikkje trengdest mest på Norevikane den kvelden? Ingen andre hadde klart å komme så raskt til staden som Lavik-ambulansen. Tysdag 29. oktober skjedde det ei ny ulykke på E39 nær Lavik, der hengaren på ein trailer velta. Denne gongen gjekk det heldigvis bra, men vi veit alle at dette kunne gått så mykje verre på ein så trafikkert veg som E39 er. Kor mange slike hendingar må me oppleve før Helse Førde forstår kor viktig Lavik-ambulansen er?

Skjerpa kompetansekrav og aktivitetsgrunnlag blir også skildra i utkastet. «Dette vil gå på akkord med nærleiken til akutt-tilbodet, men tilbodet vil fagleg sett bli styrka», blir det skrive. Då lurer eg på: Kva hjelp er det at ambulansepersonell får heva kompetanse, dersom denne kompetansen ikkje når fram i tide? Ein tabell i utkastet syner kompetansestatusen per stasjon i fylket. Her kjem det fram at stasjonen i Lavik ein av tre stasjonar i fylket som berre har fagfolk. Det er for meg vanskeleg å forstå at ambulansestasjonen i Lavik, som har vore stabil med lokalkjende fagfolk, skal bli fråteken ein døgnbil når Helse Førde er så opptekne av kompetanse og faglegheit.

Tom Guldhav, du håpar kommunar og andre interessentar tek seg tid til å gjennomgå og drøfte framlegget til prehospital plan. Sjølv har eg brukt mange timar med tankeverksemd på denne planen den siste tida, då eg og fleire har utarbeidd ein høyringsuttale frå Lavikdal Ungdomslag. Slik eg ser det, er det økonomi som til sjuande og sist blir ståande som avgjerande årsak til avvikling av Lavik-ambulansen. Dette fører med seg at ambulansetenesta for folk som bur og ferdast i Lavik-området, går frå best mogleg til verst mogleg. Liv og helse blir berga i «felten» og ikkje på kontor. Om det då er økonomien som til sjuande og sist skal avgjere, trengst det drøftingar og dokumentasjon av behovet for ein stor og faktisk aukande del administrasjon slik planen legg fram. Slike drøftingar finn ein ikkje i planen.

Så, kvar treng ein ambulansen mest? Sanninga er vel at vi alle, uansett kvar vi bur og ferdast i fylket, kan kome i situasjonar der vi treng ambulansen. Prehospitale tenester handlar om kva som skjer før ein kjem til sjukehus. Denne planen har som mål å sikre oss gode prehospitale tenester. Eg kan ikkje sjå at innbyggjarane i Ytre Sogn/Sunnfjord blir sikra gode prehospitale tenester som følge av denne planen. Ei avvikling av Lavik-ambulansen vil påverke mykje meir enn berre Lavik-området. Det vil også påverke ambulansane rundt, i Høyanger, Fjaler og Gulen, som no må dekkje eit langt større område. Korleis kan ein seie at dette er ei sikring av gode prehospitale tenester for innbyggjarane i Sogn og Fjordane? Er ikkje litt av poenget med ambulansetenesta at den skal vareta folk som bur og ferdast langt vekke frå sjukehusa?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags