Kjære Helse Førde – Stopp sentraliseringa!

FØDE: – Eg meiner det er på tide å ta opp att kampen om fødetilbod i Lærdal. Dette er også ei investering. Ei investering i distrikta. Ei investering i tryggleik, skriv Trude Klingenberg. Bildet er tatt på Førde sentralsjukehus i ein anna samanheng.

FØDE: – Eg meiner det er på tide å ta opp att kampen om fødetilbod i Lærdal. Dette er også ei investering. Ei investering i distrikta. Ei investering i tryggleik, skriv Trude Klingenberg. Bildet er tatt på Førde sentralsjukehus i ein anna samanheng. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Sentraliseringsreformer dreiar seg bokstaveleg talt om å fjerne tenester nær folk. Som sogning synest eg det er urett å sitje å sjå at tenestetilboda forsvinn frå regionen og kommunane våre! Fødetilbodet i Lærdal, gynekologisk, og eg er heller ikkje imponert over den nye ambulansekabalen som no skal leggjast på ny, for eg ser kvar vegen bær. Den bær mot utryggleik! 

Eg må seie meg særs usamd i vedtaket om utbygginga av sentralsjukehuset i Førde. At det treng ei oppgradering er eg ikkje i tvil om.

Pengesummen får folk til å reagere, men kva har me sogningar å seie i denne prosessen? Me som driv spleiselag for å halde oppe eit tenestetilbod. Det er urett! Det er me som får svi for dei store investeringane som Helse Førde gjer.

Økonomi er ikkje mitt felt, men eg skjønnar at når større økonomiske kostnader skal gjerast, så må noko anna nedprioriterast, eller løysast på ein billegare måte. Eg meina tidspunktet for ei slik investering er feil. Sogn og Fjordane står ovanfor store utfordringar, som resten av landet. Med dette meina eg at folketalet er på veg nedover. Dette er ei stor bekymring som faktisk må takast på alvor. 

Klart er det mange grunnar til at folketalet går ned, men eg trur også det dreiar seg om tryggleik. Tryggleik til ein trygg fødsel. For oss sogningar er sjansen stor for at me føda i ambulansen til Førde. Men med den nye ambulansekabalen er det vel eit spørsmål om me får ein ambulanse med blålys å føde i? Dette er langt frå tryggleik, og langt frå det som vart lova då fødetilbodet i Lærdal vart lagt ned. Då skulle ambulansetenesta styrkast. 

Folk i distrikta føder flest ungar, og det er vel ei bekymring når også desse tala går nedover? Det er på tide å få opp auga, og sjå konsekvensar som store investeringar er med å lage.

Eg meiner det er på tide å ta opp att kampen om fødetilbod i Lærdal. Dette er også ei investering. Ei investering i distrikta. Ei investering i tryggleik. For tryggleik er noko av det viktigaste eit menneske treng. Det må bli lagt godt til rette for å føde ungar. For under ein fødsel kan alt skje. Både med mor og barn. Og for sogningar er reisa til Førde for lang. Helse Førde må ta eit ansvar. Det dreiar seg om korleis pengane blir forvalte og prioritert i helseføretaket vårt! 

Helse Førde, Helse Vest og regjeringa står til ansvar å få opp folketalet. Då må faktisk tryggleiken til å føle seg trygg under ein fødsel prioriterast!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags