Helge Schei som samfunnsplanleggar

Det er ei gåte korleis Helge Schei har erverva seg ein tittel som samfunnsplanleggjar, skriv Kjartan Myklesbust (bildet).

Det er ei gåte korleis Helge Schei har erverva seg ein tittel som samfunnsplanleggjar, skriv Kjartan Myklesbust (bildet).

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I eit innlegg Firda den 4. nov.-20 tittulerar Helge Schei (H.S.) seg som samfunnsplanleggar. Det er ei gåte korleis H.S. har erverva seg ein slik tittel, og kva slags kompetanse ein slik tittel refererer seg til; med hans yrkesmessige bakgrunn.

Det kan i alle høve ikkje dreie seg om kompetanse innan areal – og byplanlegging, som vi vanlegvis reknar som eit hovudtema innan samfunnsplanlegging, når vi ser kva han forfektar i sitt innlegg. Punktvis skal eg vise nokre døme på dette nedanfor:

1). Her er eit sitat frå H.S :» Førde er altså ikkje til berre for dei få som bur i sentrum, men for dei mange som bur i ein stor region som skal kjøpe handels- og servicetenester, arbeide og gå på skule». Ja nettopp! Det er for alle desse vi ønskjer å skape eit mest mogeleg funksjonelt og triveleg sentrum. Kven er det som tolkar våre innspel for ein betre byplan, som ein plan for «dei få som bur her»? Er det samfunnsplanleggaren HS, så har han ikkje skjønt teikninga.

Førde er senter for ein region, på same måten som alle andre tettstader og bysamfunn, som også har stor tilstrøyming av arbeidskraft, handlande m.m. frå omkringliggande distrikt. For alle desse medfører dette eit stort press av privatbilisme på sentrum, noko dei aller fleste tettstadane /byane prøver å ta konsekvensen av, ved medviten kanalisering og rasjonell avvikling av biltrafikken, og for å få til bilfrie og menneskevenlege sentrumsområde. Slik meiner vi det må gjerast i Førde også, og ikkje late biltrafikken flyte fritt gjennom dei indre sentrumsområda, som Førdepakken legg opp til.

2). HS meiner tydelegvis at det er like ille å lage 4 felt i Naustdalsvegen, som å opprette nye biltrafikk-årer over Indre Øyrane/Løken/Langebruvegen, ny køyrebru over Jølstra v /Førdehuset, og oppgradering av Fjellvegen til ei hovudtrafikkåre (som medfører store ulemper for vidare utvikling av Sentrum Sør).

HS har kanskje ikkje høyrt om trafikk-differensiering, det å skilje mellom t.d. hovudvegar og sekundærvegar. Det er poenget med å kanalisere aukande trafikkmengd til Naustdalsvegen som hovudveg, og dermed skåne resten av sentrumsområdet. Naustdalsvegen kan – om ein finn det naudsynt/ønskeleg – utvidast til 4 felt, innanfor eksisterande trafikkområde (vegareal og rabattar), utan at dette medfører ulempe for tilgrensande verksemder.

Elles bør det vurderast å bygge fotgjengarundergang mellom handelshusa på begge sider av Rv 5/Naustdalsvegen, som samstundes kan gje tilkomst til eit større felles parkeringsanlegg på kjellarnivå. Ein fotgjengarundergang her vil vere til stor nytte for avvikling av køyretrafikken, i tillegg til tryggare ferdsel for fotgjengarar.

3). H.S. skriv også : «I plansamanheng elles er det også mogeleg å gjere mange tiltak til bilfrie gater og byrom». Ja, men no er det at vi har ein slik plansamanheng, med Førdepakken som resultat. Der er bilfrie gater og byrom totalt fråverande, og ikkje nemnt med eit einaste ord. Førdepakken er ein reinhekla trafikkplan etter Statens vegvesen sitt mønster, heilt fri for byplanmessige vurderingar.

4). H.S. meiner det er demagogi når «Framtidsførde» brukar ordet gjennomgangstrafikk. Sjølv hevdar han at ein veg for gjennomgangstrafikk ikkje er ein veg for gjennomgangstrafikk, når farten på trafikken er 30 km/t.

Dette er verkeleg demagogi. Ei slik uforståeleg tolking av omgrepet gjennomgangstrafikk, trur eg H.S. må ha «soge or eige bryst». Sjølv om desse samfunnsplanleggings – seminara kan vere nokså tvilsame greier, kan han neppe der ha fått servert ei så grov antitese.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken